Musikk

Dyrisk og eventyrleg disco

Peppa rullar og går, rundt og rundt, og sikrar plassen sin i discopanteonet med sin hittil beste song.

Publisert

Roller disco er i vinden: I sesong 4 av Stranger Things ringer mobbing på rulleskøytediskoteket inn dramaet. DJ-en er med på mobbinga og gjer maktmisbruken total. No når dansegolv og konsertscener er i ny sving, har stemnings- og kvalitetsforskjellen når positive og medmenneskelege kontra sure og negative menneske står bak miksepult og bar, blitt svært tydeleg.

Det er rørande kor mykje god lyd og godt lys som blir skrudd på på rockescener for tida (til dømes Machine Girl, Blood Incantation og LA Witch på Blå og Revolver); den vesle resten av antikvarisk antikunstnarisk klubb- og konsertstab stikk seg desto meir ut. Ein treng ikkje kaste bort tid på dårleg lyd og stemning.

På Peppa Pigs «Roller Disco» er stemninga skyhøg, friksjonslaust formidla med framifrå produksjon og miksing. Dette er faktisk ein ordentleg god discolåt. Han går rundt i sirklar, lik Peppa og venene på dansegolvet, men den barnlege fantasien veltar om på repetisjonen og gjer kvar runde unik: Hjula på bussen, dei går rundt, rundt, rundt; ein potet, to poteter, tre; kreativiteten er endelaus.

Snu hovudtelefonane, og snurren snur med. B-sida «Gardening With Grandpa», ein optimistisk slektning av «Røvernes Letevise» og Gartnerlosjens «Krise», er perfekt for tannpussmorgonrutinemeditasjon om grønare tider.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement