Duran Duran store min
Det er ingen sure miner å spore på Duran Durans blodferske utforsking av aldring og dødsangst.
Rock
Duran Duran:
Danse Macabre
BMG
Duran Duran sprang ut or den prangande klubbsubkulturen new romantics i Storbritannia seint på 70-talet, og med romanse i mente gir det vel meining at bandnamnet er lånt frå sci-fi-kultfilmen Barbarella, der antagonisten Durand Durand piner Jane Fondas karakter halvvegs til dauden med eit orgasmeframkallande pumpeorgel.
Danse Macabre, det 16. studioalbumet deira, kom ut halloweenhelga og er ein sursøt dansepopgodtepose med grøssaraktige synthorgelknep, slagkraftig rytmeseksjon og durkdrivne vokalprestasjonar frå frontfigur og kor likeins. Her står grøss og gru på menyen iført blytunge, spretne danseskor, og temaet er dødsangst.
Albumet handsamar breidda i den pophistoriske perioden bandet har gjennomlevd. Her er nye songar og omkalfatra gamle hitar sidestilte med eit vell av coverlåtar av eit breitt artistspekter: Siouxie and the Banshees, Rolling Stones, Billie Eilish, til og med Rickard James’ «Super Freak» (sampla i MC Hammers «Can’t Touch This») er med her.
New wave-veteranorkesteret tar si lange erfaring med å så å seie torturere publikum med øyreorgasmeframkallande dansepop fatt og sender lyttaren til nye høgder; det heile framstår som ei berg-og-dal-bane med stramme kulelager og førarar som veit nøyaktig kva dei gjer; lyttaren kjenner seg trygg i vogna.
Sjå til dømes framføringa av songen «Black Moonlight» på Graham Norton Show. Det som står på scena, er eit band som har lagt all iver og utolmod att i fortida og leverer ein presist koreografert og beint fram sjokkerande avslappa maktdemonstrasjon som osar av kompromisslaus sjølvtillit og enorm, langstrekt erfaring.
Som ein ven underleg poetisk formulerte det: «Det einaste som gjer meg uroa, er at Sean Bean (trommer) skal krepere innan songen er ferdig.» Godt vaksne Duran Duran imponerer – om enn utan nyskaping.
Rasmus Hungnes
er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.