Musikk

Du er ikkje på eiga hand

På det nye albumet sitt tematiserer Lera Lynn fødselsdepresjon.

Lera Lynn vart mor idet pandemien sette inn, og den livsomveltande hendinga førte henne inn i ein depresjon.
Lera Lynn vart mor idet pandemien sette inn, og den livsomveltande hendinga førte henne inn i ein depresjon.
Publisert

Enkelte livsendringar er så store at det nesten ikkje er til å unngå at dei får noko brått over seg, kor gradvise dei enn er. Kjensla er skildra presist i songen «What is this body?», der kroppen ikkje lenger er til å kjenne att. «Is it even you?», syng Lera Lynn på Something More Than Love.

Depresjon

Lynn vart mor idet pandemien sette inn, og opplevde at denne livsomveltande hendinga førte henne inn i ein depresjon. Kjenslene ho fekk erfare, seiv inn i songane ho laga, og partnaren, musikaren Todd Lombardo, som har medprodusert det nye albumet og også gjekk inn i foreldreskapet saman med Lynn, har medverka på låtskrivarsida.

Medan ein etter det eg kan sjå, manglar sikre tal på førekomst i Noreg, vert det rapportert at i USA vert éi av sju kvinner deprimert i samband med fødsel, og yngre mødrer er særleg hardt ramma. Tematikken er unekteleg tung, og det må ha vore krevjande å lage populærmusikk med eit slikt utgangspunkt, men det har altså Lera Lynn verkeleg fått til. Eg har lytta nokre gonger til Something More Than Love denne seinsommaren. Det er ei av desse platene som grip tak i lyttaren straks, og som også veks i tida som følgjer.

Går ein tilbake i Lynns diskografi, til duettalbumet Plays Well With Others (2018) eller pandemiutgivinga On My Own (2020), kan ein tenkje at årets album også vitnar om ein kunstnarleg transformasjon. Eit uttrykk i country/americana-grenseland er erstatta med noko mjukare og meir luftig, der synthane får sleppe meir til. Gradvis avdekkjer låtane ei heil kjensleverd som er i rørsle idet eit barn skal verte, og vert, ein del av livet – alt er jo nytt, både sjølvkjensla og relasjonane, idet ein vert overvelda av at ein medverkar til at eit nytt menneskeliv tek til.

Modige songar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement