Musikk
Drøym ei elv
Alela Diane og Bill Callahan held fram med å lage påliteleg solide plater.
Å få ei ny plate frå Alela Diane i hendene kjennest litt som å få postkort frå ein gammal ven, meiner Øyvind Vågnes.
Pressefoto
Rock
Nokre gonger må det til ein siste tur innom for å seie farvel – som i dei første verselinene i «Dream a River», på Alela Dianes ferske album Looking Glass, hennar sjette. Men farvel til kva? Minna gøymer seg bort i krokane i romma, syng Diane, og lyttaren forstår at det er eit hus det dreier seg om – fylt av stemningar og forteljingar som for ei tid var sjølve livet, ei tid som no er over.
Kva tyder det å drøyme ei elv? Kanskje å gi seg over til ei rørsle inn i det som var, som i Dianes biletsterke tekst, som fører lyttaren inn i ein straum av lys og lyd, der vi kan ane konturane av små og store hendingar: Strimer fell gjennom glaset, og øvst i trappa står ei dør open, det er berre å gå inn, ein siste gong.
Kvalitetssterkt
Å få ei ny plate frå Alela Diane (f. 1983) i hendene kjennest litt som å få postkort frå ein gammal ven. Med nokre artistar er det jo slik: Her er eit knippe med nye songar, tankar og stemningar frå ei kjend røyst, og eg set det på med glede og forventning. Eg vil alltid høyre nytt frå Diane, slik eg også vil det frå ein annan plateaktuell trubadur, Bill Callahan (f. 1966). Det er ikkje det at det er noko banebrytande nytt med albuma dei to artistane kjem med i 2022. Tilfellet er heller at dei held fram med sitt – ein kvalitetssterk, vedvarande låtproduksjon – og godt er det.
Callahans utgiving denne hausten, Reality – artist og selskap har gitt tittelen bakvend stavemåte, men det lèt vi vere med her – er påliteleg Callahansk, og ingen vil hoppe i stolen over dusinet med nye songar. Materialet ber framleis preg av at artisten har funne ei slags ro i livet som familiemann, noko som har gitt det han lagar, ein slags varm, undrande glød.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.