Musikk
Draumen om California
Bergensbandet The Other End platedebuterer.
The Other End hyller ein bestemt musikkultur frå 1960- og 70-åra.
Foto: Julie Hrncirová
Å ikkje verte gåande og vente på at telefonen skal ringje, kan som kjent verte eit mål i seg sjølv. Men skal vi tru forteljaren i den fine balladen «Late Night Calling», det femte sporet på debutalbumet til Bergens-bandet The Other End, er det å ikkje lenger vente ein tvitydig triumf: Det vert nok til at ein svarer, likevel. Slik sett har lite endra seg sidan Lars Lillo-Stenberg først song «Venter på telefon» (på DeLillos-klassikaren Hjernen er alene, 1989) for godt over tre tiår sidan.
For den lengtande kan det å vente vere rein tortur, og røysta til Ida Knoph-Solholm er som skapt til å ta vare på den spenninga – ho kan romme noko som er sårt, for i neste sekund å uttrykkje ein eigen styrke. Det dreier seg om ein markant vokalist som kan ta vare på motsetjingane som bur i ein låt, slik at lyttaren kjem tett på ei stemning som er i endring, i rørsle. Mange av dei finaste popsongane fortel at ein er over noko, samstundes som dei demonstrerer at det motsette er tilfellet.
Rutinerte musikarar
Saman med Alexander Breidvik utgjer Knoph-Solholm The Other End – dei to starta bandet i 2016 og lagar alle melodiar og tekstar. Lyden av The Sun Will Do You Good, They Said er likevel lyden av eit heilt lag med ypparlege musikarar. Cato «Salsa» Thomassen (mellom anna kjend for arbeidet med Madrugada) har produsert plata og er dessutan med på gitar.
Viktige er også dei allsidige og rutinerte musikarane Chris Holm (bass), Olaf Olsen (trommer) og Morten Qvenild (tangentar). Trombonen ein kan høyre mot slutten av «Late Night Calling», er det Erik Johannessen som spelar på. Dukkar opp gjer også strykekvartetten Oslo Strings (arrangement ved Lise Voldsdal). Dette er solide saker, heile vegen frå start til mål.
Sjølv om The Other End vil vere eit nytt namn for mange lesarar, er det kanskje også nokre som har høyrt dei før, for duoen har vore på veg opp og fram ei stund. EP-plata frå 2018 var det fleire som la merke til, og utgivinga fekk dei til Austin året som følgde, med deltaking på South by Southwest i 2019. Der er det vanskeleg å stikke seg ut i hordane av håpefulle artistar, men det gjorde sanneleg The Other End, som vart løfta fram av sjølvaste NPR.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.