Musikk
Dødsdans
Schuberts mørkaste kvartett er makaber.
Utsnitt av «Dauden og jenta» (1517) av Hans Baldung Grien (ca. 1485–1545).
Det er like redslefullt som det er erotisk: «Dauden og jenta», der den friske og fertile ungmøya (livet) blir forført av den personifiserte dauden, har sidan renessansen vore eit motiv i biletkunsten, litteraturen og musikken. Eit norsk døme er Edvard Munchs «Døden og livet». Austerrikaren Franz Schubert (1797–1828) freista seg på sujettet i 1817 med kunstsongen «Der Tod und das Mädchen», D. 531, der han toneset eit dikt av Matthias Claudius med same namn. Songmelodien tok han opp att sju år seinare, i andresatsen til Strykekvartett nr. 14 i d-moll, D. 810.
Kvartetten blir vanlegvis berre kalla «Der Tod und das Mädchen», og sidan han er Schuberts mest populære, finst han i mange gode innspelingar. Men etter at engelske Belcea Quartet kom med sitt dobbeltalbum i 2009, er det den tolkinga eg vanlegvis grip til når eg vil ha redsle og erotikk i kammermusikkformat. Den kjølige klangen i opninga av fyrstesatsen «Allegro» er her kvass og klår som konturane i renessansemåleri.
Tonande drama
Det er altså berre andresatsen i kvartetten som har melodien frå kunstsongen. Dei tre andre er såkalla absolutt musikk, instrumentalmusikk utan grunnlag i poesi. Men for meg er det vanskeleg å ikkje oppleva heile verket i lys av Claudius’ dikt. Opningstaktane er i seg sjølv eit tonande drama i fortetta form: to djupe triolar i moll framførte med hoggande bogebruk i fortissimo, som straks blir kontrasterte av ein lyrisk søkjande melodi i pianissimo i høgt register. Dauden og jenta er med dette presenterte.
Tarantella
Andresatsen «Andante» er ein variasjonssats, der songmelodien – enkelt harmonisert, sømeleg som ein koral – utgjer temaet. Av dei fem variasjonane som fylgjer, er eg særleg svak for den andre. Celloen overtek her melodien, og sidan bass-stemma difor fell bort, svevar det heile grasiøst over bakken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.