Musikk

Dobbeltjubileum

Bachfest Leipzig feirar Luthers salmar og Bachs koralkantatar.

Thomaskyrkja i Leipzig, Bachs arbeidsstad gjennom 27 år.
Thomaskyrkja i Leipzig, Bachs arbeidsstad gjennom 27 år.
Publisert

«Ikkje alle musikarar trur på Gud, men alle trur på Johann Sebastian Bach», sa den argentinske komponisten Mauricio Kagel. Eg kom til å tenkja på dette under Bachfest, som i år hadde ein ny vri: Publikum fekk utdelt eit forseggjort notehefte med alle koralane (salmane) som finst i Bachs andre kantateårgang. Denne såkalla «koralkantateårgangen» inneheld 66 einskildkantatar, som blei framførte på 16 konsertar i løpet av dei ti festivaldagane. Med noteheftet i hand blei tilhøyrarane oppmoda om å syngja med på tre salmevers i kvar kantate – til fullt orgel- og orkesterakkompagnement, leia av dirigenten.

På konsertane eg var på, stemde dei aller fleste i. Kor mange i den særs internasjonale lyttarskaren som går til kristen gudsteneste jamleg, eller reknar seg som kristne i det heile, veit eg ikkje. Men det er nok monaleg færre enn dei som song. Det som sameinte folk, var fyrst og fremst Bachs musikk.

Salmesyklus

Festivaltemaet i år var eit dobbeltjubileum: 500 år har gått sidan Luther i Wittenberg gav ut den fyrste evangeliske salmeboka og slik grunnla den stolte protestantiske songtradisjonen som framleis lever. Og no i juni det er 300 år sidan Bach byrja på sin mest ambisiøse kyrkjemusikalske syklus, koralkantateårgangen frå 1724 og 1725. Dette med å komponera kyrkjemusikk for alle sundagane og helgedagane i kyrkjeåret hadde han også gjort året før. Det nye med koralkantatane var at alle verka tok utgangspunkt i éin salme og var laga einskapleg etter fylgjande mønster:

Fyrst kjem ein stor kor- og orkestersats i polyfon stil, der den originale salmen blir sungen langsamt i éi av dei fire korstemmene, med mange nykomponerte motstemmer til. Så kjem ei rekkje resitativ (talesong) og ariar, som er poetiske omdiktingar av den originale salmeteksten, med nye melodiar av Bach. Som avslutning kjem så atter eit salmevers, no i form av ein enkel, firstemmig korsats med salmemelodien i sopranstemma. Det var i desse avslutningsnummera me som publikum fekk syngja med – slik skikken også var ved kantategudstenester i mange tyske byar i barokken.

Ryggrada

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement