Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Diverterande

Engegårdkvartetten syner Mozarts kvartettkunst mellom passiar og pasjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2005.

Foto: Lars Bryngelsson

3062
20250103
3062
20250103

CD

Wolfgang Amadeus Mozart:

String Quartets

Engegårdkvartetten. Lawo 2024
Jamføring: Hagen Quartett/ Deutsche Grammophon, 2006

Det tok tid før strykekvartetten kring 1800 hadde utvikla seg til den mest tungtvegande forma for kammermusikk. «Ein høyrer fire fornuftige menneske i samtale og meiner å kunna læra noko av drøftinga deia» – slik læt Goethes poetiske karakteristikk av denne komposisjonsmåten, der idealet var at alle dei fire stemmene skal koma nokolunde like ofte til orde med sjølvstendige melodiar.

Men lyttar me til dei tidlegaste strykekvartettane, som blei utvikla i Italia, gjev musikken mindre inntrykk av akademisk drøfting enn av ein skjemtande passiar mellom musikarar. Divertimenti blei slike kvartettar kalla på italiensk, og det tyder «underhaldning» eller «tidtrøyte».

Tenåringsverk

På Engegårdkvartettens nyaste album får me tre slike italienske divertimento som tenåringen Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) skreiv som konsertmeister ved hoffet til fyrstebiskopen av Salzburg i 1770-åra. Desse relativt stutte verka med tre satsar er også kjende som «Salzburg-symfoniane», truleg av di dei no oftast blir framførte og spelte inn med strykeorkester.

Den enkle besetninga – to fiolinar, éin bratsj og éin cello – gjev musikarane høve til høge tempo og presis og individuell artikulasjon, noko Engegårdkvartetten utnyttar godt. For meg er denne musikken – Divertimento i D-dur, KV 136, kan tena som døme – det ypparste uttrykket for det førrevolusjonære Europas aristokratiske sorgløyse på 1700-talet.

Fyrstesatsen «Allegro» (spor 1) presenterer ein fontene av frydefulle melodiar i fiolinane, akkompagnement med enkle, pulserande tonar i bratsjen og celloen. Det er fin driv over framføringa, med presise overgangar og gjennomgåande god intonasjon. Det einaste som forstyrrar, er fyrstefiolinens passasjar med nedgåande skalaar, som blir artikulerte med for kvass stakkato. Det er som om bogen her ikkje får skikkeleg tak på strengene, noko som gjer tonen hås og substanslaus.

Sår undertone

I tillegg til divertimentoa byr albumet på ein strykekvartett frå Mozarts mogne år: den såkalla «Hoffmeister-kvartetten» i D-dur, KV 499 (1786), som i både innhald og lengd har heilt andre dimensjonar – fyrstesatsen «Allegretto» er med sine ni minuttar like lang som eit heilt divertimento. Mozart utformar det melodiske temaet så kløktig at det kan utviklast med utruleg idérikdom. Også sjølve kvartettklangen er så fyldig at det nærmar seg det symfoniske, ei klangleg breidde Engegårdkvartetten får godt fram.

Spesiell snert er det over framføringa av andresatsen «Menuetto» (spor 11), ein typisk dansesats som i denne fasen av Mozarts komposisjonsgjerning er langt meir enn sømeleg underhalding. Berre lytt til den ornamenterte melodien til fyrstefiolinen i opninga, den som i kombinasjon med bratsjens lange notar får ein underleg sår undertone.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis