Musikk
Distansert nærvær
Lanzas miks av verdsomspennande lydar og rytmiske mønster kan lindre omikronnedstengingssmerter.
Den kanadiske DJ-en, singer-songwriteren og elektroniske musikkprodusenten Jessy Lanza har levert hybrid-live- og DJ-sett frå sofakrok, skog og bagasjerom over internett pandemien gjennom. Sidan covid-19 stadig kompliserer konvensjonelle kollektive kulturhendingar som konsertar og klubbkveldar, passar det fint at DJ-Kicks-miksen hennar nyleg kom ut.
Lanzas DJ-Kicks-miks er ei mangefasettert og lyttarvenleg samling av spretne låtar baserte på leiken omgang med forskjellige funk- og house-orienterte klubbmusikktradisjonar. Miksen opnar med ei rekke av Lanzas eigne produksjonar, mellom anna eit uttrykksfylt samarbeid med britiske Loraine James som elegant – og på same tid brått – sklir over i eit råare og meir direkte rytmisk spor.
Det må nemnast at det å lytte til ein DJ-miks er å bli tatt med på ei samanhengande musikalsk reise: Sistesporet på Bandcamp-digitalversjonen er ein kontinuerlig miks utan dei uunngåelege pausane i mp3-formatet, og dette (og fysiske format) gjer seg langt betre enn opphakka Spotify-strøyming.
Den elektroniske musikken Lanza speler, har eit tvers gjennom organisk preg. Miksen er dynamisk og variert, og inneheld lydar som minner om eit mangfald av tider og stader, til dømes artisten Masarimas varme 80-talsinspirerte framtidsfunk og den afro-kolombiansk-italienske kunstnaren Jim C. Nedds underlege blanding av høg- og lågteknologisk musikk frå fjern og nær.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.