Det tøffe trubadurlivet
Rickie Lee Jones skodar tilbake.
Rickie Lee Jones.
Foto: Astor Morgan
Lydbok
Rickie Lee Jones:
Last Chance Texaco
Simon & Schuster
«It’s a hard road, but a great one.» Orda tilhøyrer Rickie Lee Jones, i den korte epilogen i memoarane Last Chance Texaco, der ho reflekterer over kva det kan innebere å leve eit kunstnarliv: «This troubadour life is only for the fiercest hearts.» Lesaren veit kva ho meiner, etter tjueto kapittel med oppturar og nedturar, gjennom livet til artisten, låtskrivaren, og songpoeten – som med denne utgivinga også framstår som litterær stilist i langformat.
Som forfattar er Jones god på både sanselege skildringar og presise observasjonar, og ho er også ein medrivande forteljar, som deler livserfaringar det må ha kosta henne mykje å grave fram frå minnet. Last Chance Texaco er nemleg ei ærleg bok, og framstillinga av det som periodevis kan ha fortona seg som eit glamorøst bohemliv, medverkar til å knuse både den eine og den andre myten. Det er til Jones’ forteneste at ho fortel rett ut korleis det har vore å vere kvinne i den mannsdominerte rockekulturen, tidvis i skuggen av mannlege artistar der egoet var minst like stort som talentet.
Opp- og nedturar
Jones fortel om korleis alt funklar når ein er på stjernehimmelen, og til og med tek vare på sin eigen kunstnarlege integritet medan ein er der – og kor stusseleg det vert når det stilnar etterpå og interessa lèt til å vere borte. Rusproblema som har øydelagt mange menneske, og nesten Jones sjølv òg, får den plassen som er naudsynt, i ei nyansert framstilling som avromantiserer utan eit fnugg av etterpåklokskap.
Men om det av og til vert mørkt, er det like mykje lys på desse sidene. Last Chance Texaco er full av gode forteljingar, slåande karakterportrett og livsinnsikt (ein av dei store lærdommane hennar er kor viktig det nokre gonger har vore å seie nei). Boka er også eit viktig kulturhistorisk bidrag som fortel mykje om musikken til Jones spesielt, og om musikkbransjen generelt, med vesentlege perspektiv frå ein verkeleg kjennar.
Ein heil del om familie og oppvekst er det også rom til, og dei tidlege kapitla fortel kvar Jones kjem frå, på ein slik måte at vi forstår meir av livsreisa hennar. Den komplekse relasjonen til Tom Waits får mykje plass i tillegg til musikkmiljøet i Los Angeles som ho var ein sentral del av på 1970-talet, og som baud på både kameratskap, samhøyr, svik og vonbrot.
Ein klassikar
Last Stop Texaco kom ut alt i 2021, og eg har lenge tenkt eg skulle få omtalt memoarane. Sjølv har eg lytta meg gjennom dei vel seksten timane lydboka varer, der Jones sjølv fortel, og nokre gonger bryt ut i latter, andre gonger i song.
Å høyre røysta til forfattaren tilfører leseopplevinga mykje. Jones er litt av ein performer, og ho nærast dramatiserer idet ho fortel. Når lydmediet først vert teke i bruk, er det også naturleg at vi får musikk med, mellom anna ein ny versjon av songen som har gitt boka tittelen, «Last Chance Texaco», og ein demo av «Night Train».
Musikken er i det heile aldri langt unna, og memoarane har sjølvsagt fått meg til å hente fram gamle album, ikkje minst debuten Rickie Lee Jones (1979) og Pirates (1981), utgivingar eg no veit langt meir om.
Last Chance Texaco er ein klassikar i sin sjanger, heilt på høgde med bøker det er naturleg å samanlikne med av Kim Gordon, Patti Smith, Carrie Brownstein og Bob Dylan.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.