Musikk
Det som bur i ein song
Joshua Clover fyller bilturane til Jonathan Richman med meining og djupne.
Jonathan Richman and the Modern Lovers frå den gongen då.
Pressefoto
Går det an å skrive eit essay på vel 120 sider om ein rockelåt på vel fire minutt? Svaret er sjølvsagt ja. Somme songar ber i seg rike årar av kulturhistorie som leier den som er nyfiken nok, tilbake til eit spekter av kjelder – ei type utforsking ein også kan kaste seg ut i når det gjeld einskilde måleri, eller spelefilmar, til dømes, som rommar stadig nye djupner og klangbotnar.
At «Roadrunner», som Jonathan Richman skreiv i 1970, er ein slik song, er det liten tvil om for dei som les Joshua Clovers bok frå seint i haust. Utgivinga er ein del av ein ny spanande serie frå Duke University Press som har fått namnet Singles.
Då Richman og The Modern Lovers gjekk i studio og spela inn songen i 1972, var det med John Cale som produsent, og det resulterte i ein singel som kom ut fire år før debutalbumet The Modern Lovers (1976). Bakgrunnen for «Roadrunner» vil nok elles alt vere kjend for somme av dei som har lytta til Richman opp gjennom åra.
Ungdomstid
Låtskrivaren voks opp i ein forstad utanfor Boston, og ein viktig del av ungdomstida var formålslause bilturar med radioen på. Songen er ein ode til denne opplevinga, til timar i det kalde kveldsmørkeret som kanskje spela ei større rolle enn ein skulle tru: «It helps me from being alone late at night», syng Richman, og det er vanskeleg ikkje å tru på han. Stemningane i «Roadrunner» har ikkje gått ut på dato, heller ikkje her heime, det er berre å sjå eit par episodar av Rådebank for den som måtte tvile.
Den mest openberre songen i verda, og den merkelegaste, skreiv Greil Marcus om «Roadrunner» i klassikaren Lipstick Traces: A Secret History of the 20th Century (1989). Med sin omfangsrike kunnskap og auge for det store, kulturelle biletet kan Joshua Clover minne litt om Marcus, ikkje minst i evna til å assosiere på tvers av estetiske uttrykksformer og idéhistorier. I Clovers øyre er «Roadrunner» ein invitasjon til å oppdage heile den kulturelle og politiske konteksten songen veks ut av – og reflekterer, noko som mellom anna omfattar framveksten av bilismen og eit nytt forbrukarsamfunn, for å nemne noko.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.