Musikk

Det skitne sør

Jason Isbell og Drive-By Truckers problema­tiserer sørstatsmytologiar i songane sine.

Drive-By Truckers: f.v. Patterson Hood, Brad Morgan, Matt Patton, Mike Cooley og Jay Gonzalez.
Drive-By Truckers: f.v. Patterson Hood, Brad Morgan, Matt Patton, Mike Cooley og Jay Gonzalez.
Publisert

Rock

Lista er lang når musikkskribenten Stephen Deusner ramsar opp stor kunst og kultur frå dei amerikanske sørstatane i Where the Devil Don’t Stay: Traveling the South with the Drive-By Truckers (2021): så mange namn som har forma blues, rock, jazz og litteratur. Og likevel, held han fram, er regionen kompromittert på nærast alle andre måtar – politisk, sosialt, økonomisk og i eit raseperspektiv. For mange av dei som kjem derifrå, fører dette med seg ein splitta identitet, ei kjensle av å skamme seg over og på same tid vere stolt av opphavet sitt.

Utanforskap

I boka, som dreier seg om sørstatsbandet Drive-By Truckers, men som også går både djupare og breiare enn det, fortel Jason Isbell, som var med i bandet frå 2001 til 2007, at han fann ein heim i musikken deira fordi så mange av songane skildra eit utanforskap han kjende seg så alt for godt att i.

Fleire liner kryssar kvarandre når både Isbell og gamlebandet no er plateaktuelle. Isbell har nett gitt ut Weathervanes, eit nytt studioalbum saman med backingbandet the 400 Unit. Og Drive-By Truckers gir i dag ut ei ny, vesentleg revidert utgåve av The Dirty South (2004), som i si tid fekk strålande kritikkar, trass i at utgivinga ikkje vart slik bandet hadde tenkt – dei hadde sett føre seg ei dobbelplate, men plateselskapet synest det vart for mykje, for fort. Resultatet vart eit kompromiss.

The Dirty South heldt Drive-By Truckers fram undersøkinga av det dei omtala som «dei mytologiske sørstatane», og følgde opp doble Southern Rock Opera (2001) og Decoration Day (2003, og det første av tre album der Isbell var med før han forlét bandet).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement