Musikk

Det magnifikke mikroskopiske

Det er i samspelet mellom dei små detaljane Deerhoof får magien til å hende.

Publisert

Eg fekk mi første digitale konsertoppleving i dataspelet «Omikron: The Nomad Soul», eit utanomjordisk sci-fi-eventyr frå 1999 akkompagnert av original David Bowie-musikk. Bowie spelte både roller og konsertar i spelet, og musikken blei gitt ut på albumet «Hours», den første kommersielle plata distribuert over internett. Lite ante eg den gong at eit virus som blir kalla omikron, skulle flytte konsertar på vår eigen planet over på nettet.

Den amerikanske indie­rockkvartetten Deer­hoof strøymde til dømes ein konsert frå kjellaren til ein av bandmedlemmene i desember, og like før jul blei opptaket gitt ut på Bandcamp under tittelen Devil Kids, eit livealbum som kjem med lenke til den intime konsertvideoen.

Deerhoof er eit framifrå band som speler tett og laust på same tid, og sidan framføringa av låtane inneheld improvisasjon, samantreff og spontane innfall i augeblinken, er det ekstra interessant å sjå dei spele i levande live. Energien og spelegleda er enorm, trommestikker knekker i hytt og vêr, og det er forunderleg å sjå korleis bandet koordinerer den organiske og frie timinga si.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement