Musikk

Det gylne buret

Sofia Coppolas Priscilla fortel om menneske som er fanga i guderoller.

Elvis (Jacob Elordi) var ti år eldre enn Pricilla (Cailee Spaeny).
Elvis (Jacob Elordi) var ti år eldre enn Pricilla (Cailee Spaeny).
Publisert

Finst det ein meir einsam stad enn dette? Spørsmålet reiser seg eit stykke ute i Priscilla, Sofia Coppolas spelefilm om Priscilla Presley (gneistrande spelt av Cailee Spaeny), i ei scene der ho går rundt i heimen Graceland, mutters åleine – noko ho skulle gjere mang ein gong i løpet av åra saman med Elvis Presley.

Det dreier seg om ei heilt eiga einsemd, og ein særeigen isolasjon, som Coppola, som har bygd filmen på Priscilla Presleys memoarar Elvis and Me (1985), skildrar med tolmod og presisjon. Ikkje ein einaste Elvis Presley-song figurerer i spelefilmen i originalversjon, og filmen kan dermed knapt kallast ein musikkfilm. Når han likevel får omtale på desse sidene, er det fordi han seier noko viktig om rockens og populærkulturens mytedanning, og dei menneskelege kostnadene denne fører med seg.

Kvasireligiøs dyrking

Kritikaren Steven Hyden lèt seg inspirere av Joseph Campbells Helten med tusen ansikter når han hevdar at det gir meining å tenkje på rockestjerner som gudar som vert utsette for ei kvasireligiøs dyrking.

I tilfellet Elvis Presley har det vore skrive mykje om dette lenge før Hyden gav ut Twilight of the Gods i 2018. Då Presley døydde i 1977, var hendinga som ein slags «stille eksplosjon», skreiv Greil Marcus i Dead Elvis: The Chronicle of a Cultural Obsession (1991), der bitane som var att, endrar form igjen og igjen.

Ted Harrisons The Death and Resurrection of Elvis Presley (2016) dokumenterte eit levande Presleyiana, med ei vedvarande, intens global interesse for all things Elvis, ikkje minst med full rulle på Graceland, der Priscilla Presley har spela ei meir sentral rolle i forvaltninga enn det mange veit. Same år som Harrisons bok kom ut, vart det opna eit stort hotell og eit gedigent underhaldningskompleks i det som har vorte eit Elvis-tematisert nabolag på Elvis Presley Boulevard.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement