Musikk
Det fuglen såg
Jonathan Meiburg har laga Shearwaters beste album så langt.
Jonathan Meiburg er mannen bak Shearwater.
Foto: Bandcamp
Med The Great Awakening er Shearwater, bandet til Jonathan Meiburg (f. 1976), plateaktuelle for første gong på seks år. Etter ein turné oppunder jul i 2016 kjende Meiburg at han trong ein pause. Jet Plane and Oxbo (2015) var på mange måtar ei utforsking av dei verste utviklingstrekka i heimlandet til artisten, og Meiburg kjende seg motlaus då Trump vart president.
Men sjølv om det vart stille frå Shearwater, har det ikkje mangla på prosjekt frå Meiburgs side. I fjor kom han med ei storslegen bok, A Most Remarkable Creature: The Hidden Life and Epic Journey of the World’s Smartest Birds of Prey, bygd på ei masteroppgåve i geografi ved University of Texas i Austin, eit uttrykk for mannens interesse for fugleliv, økologi og dei store tidsperspektiva, som også vitnar om eit vesentleg fagforfattarskap i emning. Musikk har Meiburg også laga dei siste åra, mellom anna to album saman med Dan Duszynski og Emily Cross i det nye bandprosjektet Loma.
Syng betre
Heldigvis har Meiburg likevel ikkje lagt Shearwater på hylla. Tvert om er The Great Awakening omfangsrik og djup, med nesten ein time spelelengde, på dobbel vinyl. Eg kan ikkje hugse å ha høyrt han syngje betre enn han gjer her, i desse vare og nære mollstemde popmelodiane som tidvis sender tankane til platene til Mark Hollis (1955–2019) både med og utan Talk Talk – høyr berre på ein song som «Laguna Seca», som også er mørk og enigmatisk nok til å minne om seinare plater av Scott Walker (1943–2019).
A Most Remarkable Creature fortel om det søramerikanske kontinentets evolusjonshistorie frå perspektivet til falkefuglen karakara. Erfaringane frå forfattarskapet blør over i songane til Meiburg på fleire vis, både lydleg og tematisk, som feltopptak frå reiser i Sør-Amerika i samband med arbeidet med boka og i tekstane til fleire av songane, som «Aqaba», «Xenarthran» og økoprotesten «Empty Orchestra», som dramatiserer kampen mot ein indre nihilisme som trugar med å overta.
Estetikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.