Musikk
Det er komplisert
Filmen om a-ha maktar å komme tett på.
Magne Furuholmen, Paul Waaktaar-Savoy og Morten Harket på scena i ei scene i filmen.
Foto: Motlys
– Dette er den einaste staden som er stille, seier Morten Harket, då han i ei scene i den nye filmen om a-ha lèt seg intervjue i baksetet av ein bil og kjem med opp til fleire hjartesukk.
Det er ikkje fritt for at denne sjåaren får medkjensle med fyren. På dette tidspunktet i filmen har vi fått nokre glimt av turnélivet slik popikonet opplever det, med ei endelaus rekkje av menneske som vil ha ein bit av han, kveld etter kveld med fulle arenaer og lite musikalsk variasjon, og eit bandsamarbeid som er prega av profesjonell avstand og rutine snarare enn venskapleg nærleik og felles kreativ utfalding.
Musikkfilmhistoria har sine baksetescener, og regissør Thomas Robsahm og medregissør og fotograf Aslaug Holm må ha vore glade då dei fekk Harket i det eksistensielle hjørnet bak i bilen, med kameraet så å seie oppe i andletet. Vi kjem ganske så tett på mennesket, slik vi gjer fleire gonger med dei tre karane som vart internasjonale popstjerner, i løpet av a-ha – the Movie. Kanskje gjer likevel møtet med Harket ekstra inntrykk, sidan vi ser kostnadene den intense eksponeringa han har teke på seg, har ført med seg.
Moderat spelesugne
Då eg kom i snakk om denne filmen med ein kamerat som har lytta mykje til a-ha opp gjennom åra, sa han at han ikkje visste om han orka å sjå han. Eg vil at alle skal vere venner, sa han. No er ikkje akkurat Paul Waaktaar, Magne Furuholmen og Morten Harket uvenner, heller, men det er talande at Robsahm, sjølv om han prøvde å få det til, ikkje éin einaste gong fekk samla dei tre i same rom til intervju. Opptaka frå turnélivet viser at dei lever separate liv.
For at ein musikkdokumentarfilm verkeleg skal vere god, må vi få auge på noko meir enn glamorøse suksesshistorier vi har høyrt før, og helst kome bakanfor den nøye kalkulerte popindustrielle sjølvframstillinga. Vi bør få høyre om og sjå tvil, motgang og splid, som utgjer ein vesentleg del av forteljinga. Det har Robsahm og Holm fått lov til, og fått til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.