Musikk

Det er folket som har makta

Sliteneliten lagar energisk og tydeleg protestmusikk for vår tid.

Sliteneliten opna turneen i Kristiansand 8. mars og avsluttar i Trondheim 18. mars.
Sliteneliten opna turneen i Kristiansand 8. mars og avsluttar i Trondheim 18. mars.
Publisert

«Med fisk og rein kan ein halde på i tusenvis av år», heiter det i «La fjorden leva», eit av spora på slagkraftige Me kan’kje sei nei te da som e bedre, som kom ut på kvinnedagen: «Me er her for å verna det med ein aksjonsbataljon.»

Tilfellet ville ha det til at eg lytta til det nye albumet til Sliteneliten idet eg såg på nyhendesendingar at politifolk med makt bar bort demonstrantar frå Olje- og energidepartementet for nokre dagar sidan. Songen «Vind eller forsvinn» kunne ha vorte spelt som lydspor til det heile, med sine verseliner om alskens forsøk på å «appropriere vind».

Protestmusikk

Der og då kjendest det som om musikken retta seg inn mot si eiga samtid med stor kraft, med klare meldingar til makta som rår. Sliteneliten pakkar det nemleg ikkje inn. Å lytte til Me kan’kje sei nei te da som e bedre idet Fosen-aktivismen utspelar seg på alle skjermflater, er dermed å verte innhenta ikkje berre av ikonografiske ekko frå protestane mot utbygginga av Alta-vassdraget for fleire tiår sidan, styrkt av den aktuelle spelefilmen Ellos eatnu – la elva leve, men også av ein heil tradisjon av protestmusikk, av ein kunstnarleg trong til å seie frå i ord og tone som heldigvis altså ikkje ser ut til å døy ut.

I sekstetten Sliteneliten finn du odelsjentene Synneva Gjelland (gitar, vokal, saksofon, langeleik, piano) og Thea Marie Kvam (trommer, perkusjon, kor), gartnaren Silje Strøm (tverrfløyte, pikkolofløyte, kor), lyddesignaren Ylva Gulpinar (gitar, kor) og studentane Inga Haugdahl Solberg (fele, kor) og Maria Refsland (bass, kor, vokal). Bandet lagar sosialt og politisk engasjert folkmusikk av det upolerte slaget, og tankane går rett som det er til ein type songar ein kjenner frå nett 1970- og 1980-talet. Likevel er det viktig å få fram at dette ikkje er eit nostalgisk prosjekt. Til det er songane for tydeleg forankra i politiske og eksistensielle livsvilkår vi lever med her og no. Sliteneliten fortel om 2023 og det som skal kome, ikkje om det som har vore.

Energisk og livfullt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement