Den nye kantoren
Leipzig feirar 300 år med Bach i byen.
Thomaskyrkja i Leipzig.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Bakgrunn
Johann Sebastian Bach
Fødd 1685 i Eisenach, død 1750 i Leipzig
Komponerte mellom anna 300 kantatar, tre oratorium og fem pasjonar
Kantor ved Thomaskyrkja og leiar for Thomanarkoret i Leipzig i 27 år
Har sidan 1908 blitt heidra årleg med Bachfest Leipzig, der verdas beste Bach-tolkarar opptrer

Laurdag 22. mai 1723 kring middagstider stansa fire hestevogner lasta med instrument, notar, møblar og anna husgeråd på plassen framfor Thomaskyrkja i Leipzig. Eigaren av flyttelasset kom fram to timar seinare med familien sin: Johann Sebastian Bach, kapellmeisteren ved fyrstehoffet i nabobyen Köthen, som no var vald til ny kantor ved Thomaskyrkja. Denne Tysklands gjævaste kyrkjemusikarstilling innebar òg direksjonen av det ærverdige gutekoret Thomanarane, som alt den gongen var 500 år gamalt, i tillegg til ansvaret for heile det offentlege musikklivet i denne rikaste universitets- og handelsmessebyen i kurfyrstedømet Sachsen.
Sjølv om han i åra som fylgde, stundom skulle tvila på om det var eit rett karriereval å veksla frå fyrsteleg kapellmeister til kommunal kantor, blei han verande på post livet ut. For i Leipzig kunne sønene vitja universitetet, noko han sjølv aldri hadde hatt høve til, og som thomaskantor ville han for fyrste gong kunna via seg fullt og heilt til det han formulerte som sitt livs «eigentlege endemål»: å sørgja for «ein regulert kyrkjemusikk til Guds ære».
2500 medverkande
«300 år Bach i Leipzig» var det opplagde temaet for årets Bachfest. Frå 8. til 18. juni feira ein her byens største son med 160 konsertar på 30 spelestader, mange av dei der komposisjonane blei urframførte.
Talet på medverkande imponerer: i alt over 2500, fordelte på mellom anna 36 kor, 35 orkester, 129 songsolistar og 37 dirigentar. Billettane kostar mellom 3 og 200 euro, men for 20 til 60 euro sikrar ein seg vanlegvis ein god plass. Konsertane er sjeldan heilt utselde, så om ein reiser til Leipzig og vil ta det litt som det kjem, får ein vanlegvis det ein vil på kort varsel. Overnatting er det einaste ein bør tinga i god tid på førehand, for under Bachfest blir hotellkapasiteten sprengd.
Ein kunne mest gå tørrskodd frå konsert til konsert. Likevel er det aldri noko hektisk over atmosfæren på denne festivalen, som speglar att det avslappa lynnet til innbyggjarane. Det er alltid tid til ein kopp kaffi og eit stykke av byens gode kaker. «Kaffisaksarar» blir leipzigarane skjemtfullt kalla.
Firdelt syklus
Programmet var også i år avvekslingsrikt. Ikkje berre Bach var å høyra, også musikk av komponistkollegaane hans og av eldre, tyske komponistar blei framført. Men fokuset var sjølvsagt på Bach, og då særleg kyrkjemusikken han komponerte i det fyrste året som thomaskantor, den såkalla «fyrste kantateårgangen» hans frå 1723–1724. Ein slik barokk kantateårgang inneheld musikk til alle sundagar og helgedagar i kyrkjeåret, i Bachs tilfelle i alt 63 kantatar. Arbeidskapasiteten til mannen må ha vore enorm. Ein av sønene hans fortalde seinare at faren alltid arbeidde, bortsett frå når han røykte pipe.
I sentrum av årets program stod difor ein firedelt konsertsyklus kalla «Best of Jahrgang 1». Dette var opplevingar eg seint vil gløyma. Fire verdskjende Bach-dirigentar framførte her sine yndlingskantatar frå årgangen. To av desse konsertane, med høvesvis Hans-Christoph Rademann og Philippe Herreweghe, kan du lesa meldingar av i dette festspelbrevet frå Leipzig.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Frå omslaget til ein utypisk roman om mellom anna sjakk.
Sjakknerden er litt av ein type. Men særleg i litteraturen vert det lite sex.
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.