JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Den nakne stemma

The Eagle of my Heart er eit dristig prosjekt som landar trygt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2016
20240621
2016
20240621

Tradisjonsmusikk

Marjan Vahdat:

The Eagle of my Heart

Kirkelig Kulturverksted

Den iranske songaren Marjan Vahdat har i ei årrekkje levd i eksil i Noreg, og har, i tillegg til konsertverksemd, ein omfattande plateproduksjon bak seg – gjerne i samarbeid med systera Mahsa Vahdat.

Nå bur systrene i California, men det er Erik Hillestad og Kirkelig Kulturverksted som står bak denne produksjonen.

Tidlegare har Vahdat samarbeidd med ei rekkje musikarar, både iranske og norske, men her er ho heilt åleine med røysta si. Einaste avvika frå dette er varsam bruk av romklang og ekko, nokre arkivopptak (mellom andre med eldre slektningar) og songaren Ruth Wilhelmine Meyer som er innom på ein liten visitt.

Vahdat har ei fyldig røyst, ho er ikkje redd for å bruka vibrato, og ho kan vera svært intens i uttrykket. Men samstundes kan ho syngja mildare og mjukare enn dei fleste. Og det er nettopp denne store dynamiske spennvidda som karakteriserer syngjemåten hennar. Men dramatikken i uttrykket kjennest likevel ikkje som nokon musikalsk berg-og-dal-bane, fordi Vahdat har ein tryggleik som gjer at dette alltid verkar truverdig.

Dei fleste melodiane er komponerte av utøvaren, sjølv om inspirasjon og stil er henta frå tradisjonsmusikken.

Tekstane spenner frå klassisk iransk poesi til samtidspoesi. Sjølv om dette er eit språk mange av oss ikkje skjønar, er det likevel gjevande å lyda på dette. Det kan liknast med å ha hugnad av å sjå vakker natur sjølv om ein veit lite om geologi og botanikk.

Språket har dessutan sin eigen musikalitet, som i Vahdats utgåve aldri vert keisam. Men om ein vil setja seg inn i tekstane, som ofte handlar om alvorlege tema som krig og død, er dei prenta både på originalspråket og i engelsk omsetjing i det medfylgjande tekstheftet – noko som er ein god grunn til å kjøpa fysisk versjon av denne flotte plata.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis