Musikk

Den kalde vinden frå havet

King Creosote til folket!

Mannen bak artistnamnet King Creosote er Kenny Anderson.
Mannen bak artistnamnet King Creosote er Kenny Anderson.
Publisert

Eg trur ikkje at det å døy er noko for meg, heiter det i «Burial Break», tredjesporet på det nye albumet til King Creosote: «You’ll see how hard I can cling to my life.» Denne popballaden, som skjuler eit lurt, sørgmodig smil i det gråe skjegget, er eit av fleire høgdepunkt på I DES, den første nye musikken frå den kanten sidan 2016 – ei utgiving som høyrer til mellom dei eg har sett fram til med størst forventning i 2023.

Bak artistnamnet skjuler det seg eit langt mindre kongeleg namn, nemleg Kenny Anderson (f. 1967), som er frå Fife i Skottland, og sjølv om det altså har gått nokre år sidan førre utgiving, har låtskrivaren og trubaduren vore svært så produktiv sidan han tok til å spele inn musikk som King Creosote midt på 1990-talet – ein heil haug med plater har det vorte, om ein reknar stort og smått.

Sjølv fekk eg auga opp for mannen då han gav ut Diamond Mine saman med Jon Hopkins i 2011, ei plate eg held høgt og vender tilbake til med jamne mellomrom. Anderson er utstyrt med ei heilt eiga røyst, ei av desse som ein straks kjenner att – ikkje fordi denne vokalisten er teknisk briljant, men fordi han får orda til å romme noko menneskeleg, ein eigen miks av levt liv og undring. Er du på veg til I DES idet du les dette, så sett på «Walter de la Nightmare», som kanskje er det beste dømet på korleis desse kvalitetane kjem fram.

Herleg uregjerleg

Der får synthane, som får god plass på denne plata, følgje av kledeleg strengeleik, med både banjo og fele, med ein Anderson som held seg til ein relativt konvensjonell produksjon og låtstruktur.

Men som heilskap har I DES noko herleg uregjerleg over seg og vitnar om ein artist som ikkje har rista av seg den rastlause utforskartrongen som skal til for å kunne ha fått til ein så omfattande og variert katalog over eit kvart hundreår.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement