Dansk nyskaping
Merkelappane prellar av på dette uttrykket.
Tone of Voice Orchestra vart etablert i 2018.
Foto: Karin Rørbech
Jazz / World
Tone of Voice Orchestra:
Tone of Voice Orchestra
Aina Rybacka, Maria Kynne, Tine Refsgaard og Trinelise Væring, vokal; Christian Mohr Levisen, dreielire, sekkepiper og siter; Emma Krasgh-Elmøe, fiolin; Fredrik Lundin, saksofonar og fløyter; Joel Illerhag, bass; Jesper Uno Kofoed og Anders Provis, trommer og perkusjon.
Stunt
Plata med Tone of Voice Orchestra kom på nyåret, men har arbeidd seg nedover i bunken av plater eg burde melda. Likevel har plata surra og gått på CD-spelaren med jamne mellomrom. Tone of Voice Orchestra lagar forunderleg musikk. Med Trinelise Væring og Fredrik Lundin i spissen for eit band skal ein ikkje la seg overraska, men her har dei funne eit konsept som er uråd å setja i bås, men som samstundes er einskapleg og originalt.
Dette skulle eigentleg vera eit prosjektorkester, men debuten på 5E i København var så vellukka at bandet har levd vidare – heldigvis!
Musikken er ei blanding av jazz, world og indiepop, og uttrykket er definert av dei fire vokalistane. Det er ikkje sofistikerte harmoniar som pregar det vokale uttrykket, men ei liketil songglede og ein enorm energi. Av og til går tankane til Le Mystère des Voix Bulgares, men også det kanadiske rockebandet Bruce Peninsula, sjølv om Tone of Voice Orchestra på ingen måte er like tunge på labben rytmisk.
Den tidlause og alt anna enn stadeigne musikken hentar inspirasjon frå mange tradisjonar og himmelstrok, og han står i ein pussig kontrast til tekstane, som kan ha eit skråblikk på kvardagshendingar eller gå meir eksistensialistisk til verks, med korte, usentimentale konstateringar, som i «Typecast»: «I am the hostess of the party/ Sexy wild and super hot/ I’m everything you ever dreamed of/ I’m everything that i am not.»
Tone of Voice Orchestra er eit spesielt band. Musikken fangar deg frå første tone, men viser seg å vera skikkeleg slitesterk.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.