Dans, dans, dans nedi gapet
Sitter inne er eit lågmælt skrik frå inst inne i det kollektive rapkjefta gapet til ein fortapt generasjon.
Hiphop
B-Boy Myhre:
sitter inne
Uavhengig
Rapparen og produsenten B-Boy Myhre gav ut sine første låtar som soloartist i 2019, og alt året etter vann han Spellemannprisen for beste musikkvideo med «Gammel Person», ei satirisk sak med dobbel botn. På det nye albumet sitter inne er det situasjonsbilete frå ymse nivå av innesitjarsfæren i (den enno ikkje direkte gamle) millenniumgenerasjonen og liknande som vert raprapportert.
Dette er blant det mest musikalsk oppegåande eg har høyrt av oslomålrap, uanstrengt og tilbakelent i sin lyriske linedans, eit forunderleg balansekunststykke langs kanten av mummel.
Den mjuke stemmebruken og lause, men tydelege artikulasjonen er underleg konsis i sin tilbakelente, svevande kvalitet. Versa sildrar mjukt og fredsælt som den krystallklåraste bekk; intonasjonen suser ned svimlande fall og opp att med spretne sprang.
Dei melodiske partia er danderte med akkurat passelege mengder autotuneknekk. Produksjonen er lett og luftig, djup, variert, heilskapeleg: På «dust» trampar basstromma standhaftig i golvet på fire flate. Syntetisk marimba trillar av garde gjennom «skrillex». Mentalt spysjuke IDM-synthar i revers uttrykker abrupte fall ned i djupet av digitalisert kjærleikssorg på «livecam». Det vert klunka på mandolin og Gameboy.
Ein grå melankoli kviler over humoren på sitter inne – med små bokstavar, lik eit stille rappkjefta skrik frå gapet mellom den privilegerte eksistensen millenniumgenerasjonen («den andre tapte generasjonen») blei førespegla, og røynda, slik ho blei med finanskrise bla, bla, bla. Kven bryr seg. Bra plate.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, tidlig millennial og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.