JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Dagen då Lennon døydde

Ein ny dokumentarserie går i djupna om drapet på John Lennon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
John Lennon (1940–1980).

John Lennon (1940–1980).

Foto frå filmen / Apple+

John Lennon (1940–1980).

John Lennon (1940–1980).

Foto frå filmen / Apple+

4175
20231208
4175
20231208

Dokumentarserie

Regi: Nick Holt og Rob Coldstream

John Lennon: Murder Without Trial

Apple TV+

Kanskje finst det lesarar som ser på datoen i dag og tenkjer: Det var den 8. desember John Lennon vart skoten. Året var 1980, og hendinga, som skaka ei heil verd, er framleis eit vondt minne for dei mange som heldt mannen for ikkje berre å vere ein stor musikar og artist, men også ei viktig progressiv og radikal røyst i si samtid.

No er det mogleg å gå i djupna når det gjeld Lennon-drapet igjen, med dokumentarserien John Lennon: Murder Without a Trial, som har premiere denne veka. Skaparane har framskaffa nye skildringar frå augevitne og fått tilgang til eit rikt dokumenttilfang frå mellom anna politi og distriktsadvokat. Mellom dei som fortel, finst ein drosjesjåfør og ei dørvakt på The Dakota, bygningen der Lennon budde, som begge vart vitne til drapet. Forsvarsadvokaten til drapsmannen Mark David Chapman kjem også til orde, og det same gjer psykiateren som først vurderte han etter hendinga, og menneske som kjende han.

Solid handverk

Serien er regissert av Nick Holt, som tidlegare har stått for The Murder Trial (2013) og Responsible Child (2019), og Rob Coldstream, som før har laga serien Jade: The Reality Star Who Changed Britain (2019), produksjonar som på ulike vis peikar fram mot denne. Handverket er solid og forma konvensjonell, i ei forteljing som ser på hendinga frå ei heil rekkje perspektiv.

Som tittelen antydar, følgde det aldri noka rettssak og heller ikkje noko skikkeleg etterforsking, sidan Chapman, som framleis sonar i fengsel, erklærte seg skuldig (i staden for utilrekneleg, slik mange trudde han skulle). Til sjuande og sist dreier John Lennon: Murder Without a Trial seg nesten like mykje om Chapman som Lennon, og om vanskane med å akseptere at ugjerninga hadde opphav i irrasjonelle motiv og psykisk sjukdom.

Eg skal vedgå at eg har lurt på om Holt og Coldstream hadde von om å finne noko verkeleg nytt i arbeidet med serien, som har romma ein heil del gravearbeid. Dramaturgien, forteljegrepa og estetikken i dei tre episodane er nemleg tidvis bada i ein slags patosfylt true crime-stil, der forteljerøysta (Kiefer Sutherland) med lumsk musikk som bakteppe høyrest ut som om ei eller anna avsløring kan vere rett rundt hjørnet.

Vignetten slår an tonen, med dramatisk musikk og lada visuelle motiv. No og då kjennest det som om skaparane ikkje har vore sikre på om krafta i stoffet i seg sjølv er nok til å halde på sjåaren.

«Lennon-problemet»

For mange vil det kanskje vere overraskande å høyre om det FBI kalla «Lennon-problemet», for både han og Yoko Ono vart overvaka, og det finst viltre konspirasjonsteoriar (à la Kennedy-mordet) om at Chapman vart hypnotisert og slik kom til å utføre eit oppdrag orkestrert av andre.

Omstenda rundt attentatet er bisarre. Chapman hadde med seg The Catcher in the Rye (1951) då han skaut Lennon, og det går nok kaldt nedover ryggen på fleire enn meg når han i eit avhøyrsopptak fortel at han trudde han skulle verte omskapt til hovudkarakteren i J.D. Salingers roman etter drapet. Til dags dato vert han nekta prøvelauslating, og mykje tyder på at han vil døy bak lås og slå.

Sjølv var eg åtte då Lennon døydde, og eg kan ikkje hugse det slik eg hugsar Palme-attentatet seks år seinare, som sit støypt i minnet som mediehending. Eg høyrer til mellom dei mange som på ei reise til New York har gått bort og sett på åstaden ved Central Park, der det finst eit minnesmerke rett ved.

Drapet sletta ut ei kunstnarleg kraft som framleis kjennest umisteleg. Tidsreisa John Lennon: Murder Without a Trial minner om alt dette og løftar fram mange spørsmål, ikkje minst rundt den risikoen ein faktisk er utsett for om ein vert projisert på gudehimmelen av celebritetar.

Attentatet er uløyseleg knytt til framveksten av den sjuke og farlege amerikanske våpenkulturen og får meg uunngåeleg til å tenkje den gruvekkjande tanken: Kva slags popkulturelt ikon kjem til å stå i skotlina om dette skjer igjen?

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis