JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Coolt og kult frå Cirrus

Chorale er ei spanande andreplate frå eit særprega stavangerband.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1716
20220218
1716
20220218

Jazz

Cirrus:

Chorale

Eva Bjerga Haugen, vokal og piano; Inge Weatherhead Breistein, tenorsaks, sampling og elektronikk; Theodor Barsnes Onarheim, bass; Stein Inge Brækhus, trommer. SAB Music

Det er ni år sidan Cirrus lét høyra frå seg på plate. Debuten Méli Mélo (2013) vekte oppsikt blant kritikarane. Kor mykje kvartetten har fått høve til å spela saman dei siste åra, har eg ikkje peiling på, men uttrykket er klarare definert enn på debutplata, og samspelet og hand-i-hanske-arrangementa tyder på at dei har jobba saman jamleg.

Alle dei ni komposisjonane er signerte medlemene i bandet. Uansett tempo er det noko distansert og tilbakehalde i uttrykket. Temaa er prega av ein sær venleik med fleire innslag av minimalisme. Klang- og uttrykksregisteret er sterkt utvida med at Haugen denne gongen også spelar piano. Kor verknadsfullt dette er, høyrer ein til fulle på Breisteins «Dominoes», der komponisten verkeleg får utfalda seg og syner at han har utvikla seg til ein tenorsolist med særpreg.

Onarheim og Brækhus har utvikla eit neddempa, men pulserande komp der Onarheims varme, men distinkte basstone smeltar perfekt saman med Brækhus’ trommestil, der tammane er heilt sentrale. Det er ein sann svir å høyra dei i den slentrande «Up up up».

At dei har valt bandnamnet Cirrus (fjørsky; latin: ’hårlokk’), forstår ein når ein høyrer Haugens tonesetjing av Nils Børge Trovåg Sandviks dikt «The Colours». Ingen har ein slik stålkontroll på dei vokale verkemidla, og ingen syng så svakt og samstundes så klokkeklart som Eva Bjerga Haugen.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis