Musikk
Charles Mingus i storform
Mingus byr på to timar musikk med humoren i høgsetet.
Denne liveplata, teken opp på Ronnie Scott’s i London 14. og 15. august 1972, har betydd meir for meg enn det musikalske innhaldet strengt teke skulle tilseia. Musikken, som er sett saman av gamle Mingus-travarar og relativt nytt stoff, er spelt av eit sprudlande og dedikert band leia av ein komponist, bassist og orkesterleiar som for ein periode hadde funne attende til sitt gamle eg. Opptaka er restaurerte, og lyden er akseptabel og vel så det. Det finst likevel meir skilsetjande liveplater i namnet til Mingus.
Interessa mi for plata kjem som sagt ikkje berre av dei musikalske kvalitetane som tvillaust er her, men fordi eg som 18-åring «nyfrelst» jazzinteressert høyrde Mingus på Ronnie Scott’s – ikkje 14. eller 15. august, men ein kveld mellom 3. og 5. august. (Engasjementet på den vidgjetne klubben varte frå 1. til 15. august.)
Eg minnest framleis Louis Armstrong-pastisjen «When The Saints Go Marching In», ikkje minst då Mingus tok famntak rundt bassen og svinga seg rundt. Eg minnest ein «uendeleg» lang versjon av klassikaren «Fables of Faubus» proppa med musikalske sitat og innfall. Eg minnest det gneistrande spelet ein 19 år gamal trompetar, Jon Faddis, som hadde den karakteristiske Dizzy Gillespie-trompeten, men ikkje minst hugsar eg Mingus sjølv som styrte musikken med blikk, kommentarar og innspel på bassen med ein kombinasjon av humor og autoritet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.