Musikk

Cembalopioneren

Wanda Landowska var ei føregangs­kvinne innan fortidig framføringspraksis.

Den polske cembalisten Wanda Landowska (1879–1959).
Den polske cembalisten Wanda Landowska (1879–1959).
Publisert

Cembaloen har same form som vår tids flygel. Hovudskilnaden er at strengene ikkje blir slåtte på med hamrar, men klimpra på med små lêrtaggar eller fjører. Dette var det dominerande klaverinstrumentet i tre hundre år, fram til slutten av 1700-talet, då det måtte vika for hammarklaveret.

Fyrst på 1900-talet, då musikklivet byrja å interessera seg for å høyra den gamle musikken framført med fortidas middel, blei cembaloen atter relevant. Ein pioner her var Wanda Landowska, eit polsk vedunderbarn som flytta til Paris og i 1903 gav ein historisk debutkonsert som cembalist.

Merkeleg instrument

Landowska var ei superstjerne i samtida. Konsertturneane førte henne også til Noreg. Harald Sæverud, som i 1928 var musikkritikar i Aftenposten, skreiv om «denne fremragende kunstnerinne, som under konserten vakte opsikt med sitt merkelige instrument».

Instrumentet den unge bergensaren høyrde, var ein «Grand modèle de concert»-cembalo, den fyrste «moderne» cembaloen som Landowska hadde utvikla i samarbeid med klaverfabrikken Pleyel i Paris. På dette spelte ho fyrst og fremst 1700-talsmusikk, men også nye cembalokonsertar som spanjolen Manuel de Falla og franske Francis Poulenc komponerte til henne i 1920-åra.

Ein slik Pleyel-cembalo er det me får høyra på den nye plateboksen med ti CD-ar, som inneheld ei mengd historisk interessante Landowska-innspelingar. Det meste er rein solomusikk, mellom anna heile J.S. Bachs ‘Wohltemperiertes Klavier’ del I og II, men plate åtte og ti har også orkesterverk med cembalo. Opptaka frå mellom 1933 og 1954 er gjorde i Frankrike og USA. Som jøde med polsk pass måtte ho nemleg flykta frå Paris i 1941 og budde resten av livet i Lakeville i Connecticut i USA.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement