Musikk
Cantabile
Sjølv i dei mest heseblesande satsane er Alexis Kossenkos spel songleg.
Franske Alexis Kossenko spelar Mozart på traverso.
Pressefoto
«Du veit kor motvillig eg blir når eg heile tida må skriva for eitt instrument (som eg attpåtil ikkje toler), så frå tid til anna komponerer eg noko anna, til dømes duettar for klaver og fiolin, og eg har òg arbeidd med messa.» Dette, som Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) skreiv som ps i eit brev til foreldra på nyåret 1778, tyder på at han ikkje var særleg begeistra for tverrfløyta – i alle fall ikkje når han over lengre tid måtte arbeida med fløytestykke. (Var det elles noko den kronisk utolmodige komponisten hata, så var det mangel på avveksling. Diagnosane hadde nok stått i kø i dag.)
Særleg mykje fløytemusikk skreiv han då heller ikkje. Prosjektet 22-åringen bala med februardagane i 1778, var Konsert for tverrfløyte og orkester nr. 1 i G-dur, KV 313, som er den einaste originale fløytekonserten hans. Denne – i tillegg til fløytekonsert nr. 2, dobbelkonserten for fløyte og harpe og ein roleg einskildsats – er det franske Alexis Kossenko er solist i på plata med Gli Angeli Genéve under Stephan Macleods direksjon.
Traverso
Orkesteret Gli Angeli Genéve spelar på såkalla originalinstrument, i dette høve instrument frå slutten av 1700-talet. Men dei fleste orkestermedlemene er ikkje spesialistar, men «vanlege» musikarar som elles trakterer moderne instrumentarium. Det forklarer kanskje at spelet deira er teknisk lytefritt, men at orkesterklangen samla sett er litt for polert enn på gode, reindyrka historiske innspelingar.
Kossenko er òg ein allsidig musikar, all den tid han meistrar både moderne metalltverrfløyte og ymse historiske fløytetypar. Her nyttar han «traverso» (frå italiensk: flauto traverso), som er ein gamal tverrfløytetype av tre med berre éin klaff. Som utøvartype er han ein utprega virtuos: Han briljerer i snøgge løp og spretne, brotne akkordar. Men også i dei langsame satsane overtyder han, med vakker svell på tonen, heilt utan vibrato. Han kan kunsten å utsmykka melodiane i repetisjonane og i roleg-songlege parti, der han ornamenterer friskt. Slik gjer han musikken til sin, meir enn om han hadde spelt slavisk det som står. (I barokkmusikk er det vanleg å ornamentera. I wienerklassisk musikk, som Mozarts, høyrer me sjeldnare slikt.)
Rein og klår
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.