Brutal plast
Nicki Minajs femte album er ein underleg skeisesklitur oppå – men i grunnen eigentleg under – plasthudoverflata.
Hiphop/pop
Nicki
Minaj:
Pink Friday 2
Young Money/Republic
Den trinidad-tobagiske, sambandsstatbaserte artisten Onika Tanya Maraj-Petty, også kjend som Nicki Minaj, bidrog tidligare i år til Barbie-filmen med Aqua-hyllesten «Barbie World». Ho slo gjennom med Pink Friday i 2010, og Pink Friday 2 er det femte studioalbumet hennar.
Pink Friday 2 høyrest ved første øyrekast ut til å vere omsløra av eit silkemjukt rosafilter. Opningssporet sklir inn og ut mellom barndom og vaksenliv over Billie Eilish-samplingar, gospelkor og bedehuspiano: «Who wanna play with Nicki», rappar ho over den kjende ljoden av vrengde Roland 808-sub-basstrommer på spor 2, «Barbie Dangerous». «Murda murda murda murda», messar ho nokre spor seinare, på «Beep Beep».
Det er ikkje berre dokker «The Queen of Rap» leikar seg med; den glatte plastkarakteren hennar er på same tid ein hardbarka actionfigur: Barbie, superheltinne og vondt supergeni i ein og same persona, og når siste låt, den brutalt hjarteskjerande og svulmande R&B-balladen «Just the Memories», der Minaj mimrar om klassekameraten som blei drepen med eit stilettknivstikk i nakken, tonar ut, lurer eg på om eg har blitt rundlurt. Om eg har blitt forvilla ut på ein rundtur på glattplastisen.
Og det har eg så sanneleg. Kanskje eg har lurt meg sjølv? Og så sit eg no der, då, der eg ligg og gispar etter luft under den brotne overflata og tenkjer i mitt opprørte sinn at det er ikkje plast alt som glinsar. Det rosa filteret var eit slør. Eg merka knapt at det blei løfta, og det som blei avslørt, var at det var ei tåke av blod heile tida. Nicki Minaj, altså, ein skal ikkje skode ho der på dei bortbarberte håra. Der fekk ho meg.
Rasmus Hungnes
er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.