Musikk
Bronsegyllen mezzoklang

Mørkt og melankolsk frå Finland og Russland stod på programmet då Randi Stene og den svenske akkompagnatøren hennar, Bengt Forsberg, presenterte liedprogrammet sitt i ein knapt halvfull Håkonshall. Stene, som er ein av våre mest rutinerte operasongarar, har i utgangspunktet ei fin, bronsegyllen mezzorøyst for dette repertoaret. Likevel var det som om ho ikkje alltid klarte å fylla dei lange, seinromantiske frasane med nok klang, noko som gjorde at lyden frå flygelet dominerte, særleg etter pausen.
Konserten var likevel interessant, for det er sjeldan me får høyra russiske Sergej Rachmaninovs (1873–1951) songar sungne på originalspråket her heime. Forsberg, som er ein dyktig akkompagnatør, hadde òg snike inn nokre solonummer i programmet, mellom anna av russiske Nikolaj Medtner (1880–1951). Eg kan styra begeistringa mi for Medtners dampvegvalsaktige uttrykk, der eg slit med å oppfatta både harmoni, melodi og rytme. Men skal Medtner fyrst spelast, er Forsberg rette mannen, for dei teknisk krevjande stykka frå To fortellinger, op. 20, meistra han utan problem.