Bronse til Bach
Kven var J.S. Bachs to rivalar til stillinga som thomaskantor i 1723?
Thomaskyrkja, J.S. Bachs arbeidsstad som kantor gjennom 27 år. Koparstikk frå 1749
CD
Telemann, Graupner, J.S. Bach:
Leipzig 1723
Ælbgut; Capella Jenensis; fiolin og leiing: Yves Ytier. Accentus 2023
Leipzig 1723. For somme kan dette verka som ein temmeleg traust albumtittel. Men for Bach-interesserte er han mykjeseiande. Dette året for 300 år sidan flytte nemleg Johann Sebastian Bach (1685–1750) til Leipzig, der han overtok som kantor i Thomaskyrkja og musikkdirektør for byen. (Les meir om 300-årsjubileet i festspelbrevet frå Leipzig på sidene 28–29.)
Klanglege vitnesbyrd om den innvikla tilsetjingsprosessen blir presenterte av vokalkvartetten Ælbgut og barokkensemblet Capella Jenensis på eit album der programmeringa er like ypparleg som musiseringa. Lyttinga er ein fest – særleg for den som parallelt les essayet i omslagsheftet, skrive av den renommerte Bach-forskaren Michael Maul.
Kandidat nr. 1
Sjølv om Bach i dag ragar høgast i den lutherske kyrkjemusikken, var det var langt frå sjølvsagt at nett han i 1723 skulle overta thomaskantoratet, den mest prestisjefulle tyske kyrkjemusikarstillinga. I innstillinga som Leipzigs byråd sette opp over føretrekte kandidatar, rangerte han nemleg på tredje plass.
Favoritten var Georg Philipp Telemann (1681–1767), Tysklands mest populære komponist. Som alle kandidatar måtte han fyrst gjennom ein audition med to spesialkomponerte og offentleg framførte prøvekantatar. Ich muß auf den Bergen weinen und heulen, TWV 1:591, syner Telemann på sitt mest moderne: Altarien i byrjinga, som blir sungen med behageleg røyst av kontratenoren Stefan Kunath, har uttrykksfulle melodiar i elegant, tredelt takt. Soloinstrumentet tverrfløyte, den tids moteinstrument par excellence, får utfalda seg virtuost i hendene til Ulrike Wolf, særleg i sopranarien, som grensar til ein fløytekonsert.
Kandidat nr. 2 og 3
Men Telemann takka nei til stillinga, i siste sekund. Han hadde nok berre søkt med tanke på å pressa opp løna si som kantor heime i Hamburg – noko han lukkast med. Kandidat nummer to var Christoph Graupner (1683–1760), hoffkapellmeisteren i Darmstadt. Prøvekantatane hans er meir konservative, særleg korsatsane (eit klokt trekk, leipzigarane ville nemleg ikkje ha for «operaaktig» kyrkjemusikk). Finalen i kantaten Lobet den Herren alle Heiden, GWV 1113/23b, er spesielt vellukka. Den firstemmige koralen, kraftig og klårt framført av vokalensemblet Ælbgut, blir her innhylla i ein staseleg fransk orkesterouverture. Men også Graupner takka i siste liten nei av di arbeidsgjevaren hans, landgreven av Hessen-Darmstadt, nekta han avskil.
«Av di dei beste ikkje var å få, laut ein ta til takke med dei mellomste», står det i byrådets møteprotokoll. Under dei mellomste sorterte Bach, som blei godkjend etter audition med det me kjenner som kantate nr. 23 og 24.
Den som vil samanlikna Bachs kantatar med dei til Telemann og Graupner, vil høyra kor mykje som skil musikken hans frå det samtida rekna som best.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»