Musikk

Briljante eventyr

David Bowie er atter plateaktuell, snart seks år etter at han gjekk bort.

David Bowie under konserten i Madison Square Garden i New York 9. januar 1997, då han fylte 50 år.
David Bowie under konserten i Madison Square Garden i New York 9. januar 1997, då han fylte 50 år.
Publisert

For ein artist han var, David Bowie, så ofte rastlaust på jakt etter å finne opp seg sjølv på nytt og ta det heile i ei ny retning. Det er uråd å tenkje anna i møte med den nye samlinga Brilliant Adventure (1992–2001), som dokumenterer ein noko ujamn periode i artistens liv. Og likevel, for nokre høgdepunkt! Her dundrar «I’m Deranged» (1995) ut av høgtalarane igjen, med Mike Garsons fortryllande pianovirtuositet, låten som er mørk nok til at David Lynch lét han opne Lost Highway (1997).

Så, ei stund seinare, «I’m Afraid of Americans» (1997), ein song som har fått nye tydingar i tiåra som har følgt, og som langt frå høyrest datert ut, eit kvart hundreår seinare, trass i at songen er ganske tidstypisk i lydproduksjonen.

Systematisk arbeid

Det nærmar seg seks år sidan Bowie gjekk bort, på nyåret i 2016. Då var alt den første boksen som dokumenterte karrieren, ute, med tittelen Five Years (1969–1973). Då oppfølgjaren, som tok føre seg midten av 1970-talet, kom, var han borte. Det systematiske arbeidet med å gå gjennom diskografien med revisjonar, alternative tolkingar og tilskot av ukjent materiale, har halde fram, med A New Career in a New Town (1977–1982) og Loving the Alien (1983–1988).

Og no er altså Brilliant Adventure her, sannsynlegvis den nest siste samlinga, som rommar arbeidet med og rundt Black Tie White Noise (1993), The Buddha of Suburbia (1993), Outside (1995), Earthling (1997) og Hours (1999). Med er også eit album Bowie skulle gi ut i 2000, før han ombestemte seg, titulert Toy, som inneheldt nye tolkingar av låtar frå siste halvdel av 1960-talet og litt utpå 1970-talet. Boksen kjem i fleire utgåver, og dei mest omfangsrike inneheld også eit konsertopptak frå sommaren 2000, og store mengder materiale herfrå og derfrå, som ikkje fann vegen til platene.

Kan det vere nokon som er usamde i at dei føregåande boksane er jamt over betre enn det Bowie laga på 1990-talet? Det kan ikkje vere mange. Men når det er sagt, vert også ein slik sveipande gest litt for enkel og totaliserande. Det finst mange døme på at ettertida oppskattar ein periode som for ein epokedannande artist tidlegare nærast har vorte skandalisert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement