Brevet på loftet
På tredjeplata har Oregon-duoen The Hackles vorte ein trio.
The Hackles: Kati Claborn og Luke Ydstie har fått med seg Halli Anderson.
Foto: Samuel Gehrke
Americana
The Hackles:
What A Beautiful Thing I Have Made
Jealous Butcher Records
Det er ei dramatisk scene som utspelar seg i «Angela», den fjerde songen på vårens utgiving frå The Hackles: Forteljaren kjem over eit gammalt, uopna brev på loftet og sprettar opp konvolutten. Brått teiknar det seg eit nytt, omveltande bilete av fortida, som dirrar i det som er her og no. Livet med mennesket i etasjen under er endra for alltid.
Det er ganske flott gjort – og eit framifrå døme på ein type låtskriving som har tydelege novellistiske kvalitetar. Slik sett er det representativt for tekstane til trioen, som er gjennomgåande gode og har vore det på to tidlegare utgivingar: The Twilight’s Calling It Quits (2018) og A Dobritch Did as a Dobritch Should (2019). Det er på høg tid at denne musikken får fleire lyttarar i Noreg.
Vokalharmoniar
På dei tidlegare platene var The Hackles, som held til i Astoria i Oregon, ein duo som bestod av paret Luke Ydstie og Kati Claborn, men med What A Beautiful Thing I Have Made er også Halli Anderson med.
Røystene til dei tre passar uhyre godt saman, og det nye albumet er kjenneteikna av utsøkte vokalharmoniar. Med Anderson er også det musikalske samspelet hakket rikare, når uttrykket no er utsmykka med det fine felespelet hennar – høyr til dømes slutten på songen «Steve».
Som vokalist kan Ydstie minne meir enn berre litt om Sam Beam – eg tippar at lesarar som kjenner musikken til Iron & Wine, vil nikke til denne samanlikninga, og helst før det har gått mange sekunda av What A Beautiful Thing I Have Made.
Ein klassikar
Dette er musikk som også har noko av den same intimiteten over seg som Beams mjuke, fortryllande songar har. Innspelinga er gjort i Ydstie og Claborns studio i landlege Astoria, og dei fleste musikarane som er med, har vore berre ein liten biltur unna. Det er greitt på den måten: Når ein trong blåsarar på songen «Alligators», eller ein vibrafon på «First Time», var det berre å ta ein telefon.
Opningssongen «Damn the Word» – ein av mine favorittar på albumet – kjennest alt som ein klassikar. Faktisk var eg overtydd om at eg hadde høyrt han før, at dette var ei tolking, men slik er det altså ikkje – før nokon andre etter kvart finn vegen og lagar sin versjon, for det er nok berre eit tidsspørsmål.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.