Bra harepus
«Kongen av latin-trap» blandar puertoricansk musikktradisjon med moderne popproduksjon.
Latin / Pop
Bad Bunny:
Debí tirar más fotos
Rimas
Bad Bunny var den mest strøymde artisten på Spotify i 2020–2022: Gjennomsnittsmennesket skal ha høyrt om lag to og ein tredjedels song av den puertoricanske artisten i 2022 åleine. Tittelen på det sjette albumet hans, Debí tirar más fotos, tyder «eg skulle ha tatt fleire bilde». I ein tilhøyrande kortfilm følgjer vi ein eldre herre som kjøper bakarvarer til ein talande frosk og mimrar om ei svunnen tid då bilane overdøyvde motorduren med dundrande subbass. Her står underlege møte mellom tradisjon og det moderne på menyen.
Plata går rett på sak. Gamle puertoricanske salsaopptak blir, nærast umerkeleg, til dundrande reggaeton, brutal trap og hurtig dembow før tredjesporet tar ein skarp svingom frå techno- til salsagolvet med «Baile inolvidable», ei feststemd sak med smak av latinjazz. Så berre byksar det vidare, fram og tilbake i det latin-karibiske musikklandskapet.
På reggaetonballaden «Perfumito nuevo» syng Bad Bunny duett med sin puertoricanske pop- og hiphopkollega RaiNao, og med den svulmande traphousehymnen «El clúb» er hjartesmerta bortimot total. Ein svimmel gitar vassar kringom på eit dansegolv overfløymd av Bad Bunnys tårer.
Stemninga tar seg opp att nokre spor seinare. Kvintetten Los Pleneros de la Cresta bidreg med folkeleg koring og ihuga traktering av puertoricanske perkusjonsinstrument som pandereta plenera og güícharo på «Café con ron».
Medan hanen gjel på «Lo que le pasó a Hawaii», er den knallharde låta «Eeo» heilt ko-ko, og til slutt blir det påfyll i salsaskåla med framifrå a cappella-rapp og festleg congassolo på «La mudanza». Konklusjon: Dette er spretne saker.
Rasmus Hungnes
er biletkunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.