Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Bonderangel

Amandine Beyers «Fire årstider»-tolking er alt anna enn heismusikalsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den franske barokkfiolinisten Amandine Beyer.

Foto: Óscar Vázquez

2989
20241129
2989
20241129

CD

Antonio Vivaldi:

Le quattro stagioni

Amandine Beyer, fiolin; Gli Incogniti. Alpha 2008/2024

Eg lyt vedgå at eg lenge har hatt eit distansert forhold til Antonio Vivaldis (1671–1741) Dei fire årstidene – nettopp av di verket er så allstadnærverande. For kor mange gonger har me vel ikkje høyrt det som bakgrunnsmusikk i italienske restaurantar og i hotellheisar, eller i filmar og på fjernsynsreklamar?

Typisk for klassiskinnspelingane som blir brukte som «heismusikk», er at dei oftast er dårlege. På Vivaldis mest vidgjetne verk er det pengar å tena, difor blir dette gjerne spelt inn av middelmåtige prosjektorkester som skjønar seg lite på barokkmusikk. I tillegg er dynamikken (lydstyrken) på slike innspelingar oftast utjamna, av di bakgrunns­musikken jo skal spelast på lågt volum. Det som skal vera svakt, blir for sterkt, og omvendt. Dei store dynamiske kontrastane som denne musikken verkeleg treng, forsvinn.

Sonettar

Vanlegvis blir det også berre spelt einskildsatsar, noko som er lite gagnleg, for denne samlinga med fire solokonsertar er det næraste me kjem ei forteljing i instrumentalmusikken. I notane Vivaldi gav ut i 1725, er det nemleg prenta ein sonett (mest truleg skriven av komponisten sjølv) framføre kvar av konsertane. Desse verbale natur- og folkelivsskildringane dannar grunnlaget for den musikalske framstillinga.

Barokkfiolinisten Aman­dine Beyer, som har vitja Festspillene i Bergen fleire gonger, relanserer no debutalbumet sitt frå 2008. Ynskjer du ei tolking som ikkje er heismusikalsk, er det eit godt alternativ. Musiseringa hennar struttar nemleg av forteljarglede og har så krasse dynamiske og artikulatoriske kontrastar at restaurantbesøkande ville sett pizzaen i halsen.

Antonio Vivaldi (1671–1741) på ein karikatur frå samtida.

Børseskot

Innspelinga har lita besetning, med berre éin musikar per strykestemme. Orkestermusikken får slik eit kammermusikalsk preg som mogleggjer fin dialog mellom instrumenta. Me kan ta den fjerde konserten, L’autunno (hausten) som døme.

«Med song og dans feirar bonden gleda ved ei rik avling, oppelda av Bacchus’ brennevin endar mange festen i søvn», står det i diktet til fyrstesatsen (spor 14). Vivaldi skildrar rusen med røft rustikke rytmar, i ein runddans der utbrota til solofiolinen kling som musikalske hallingspark. Søvnen får me i andresatsen (spor 15), der einskildtonane til strykarane strekkjer seg over fleire taktar om gongen. Berre dei slumrande akkordane i cembaloen og lutten skaper framdrift.

I tredjesatsen (spor 15) har bøndene kome seg til hektene etter rusen. Nokon bondeanger er ikkje å spora: «Jegerane nærmar seg ved daggry, med horn, hundar og børser dreg dei på jakt.» Motoren i satsen – den tredelte, svingane rytmen i strykarane – blir med jamne mellomrom avbroten av hornsignal og børseskot i solofiolinen, smell som kjem som ekko i orkesteret.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis