Bluesen om Louis
Historia om Louis Armstrong kan aldri verte ferdig fortald.
Louis Armstrong (1901–1971) var trompetist og songar.
Foto: Apple-TV+
Musikkdokumentar
Regi: Sacha Jenkins
Louis Armstrong’s Black & Blues
Apple TV+
Kan mitt aller første møte med jazzen ha vore trompeten og røysta til Louis Armstrong (1900–1971) ein gong i barneskulen i 1980-åra? Då yngstesonen kom heim frå skulen her for noko sidan og hadde høyrt Armstrong i ein time, prøvde eg å grave fram stunda frå minnet.
Sjølv har gutungen høyrt Armstrong fleire gonger før, i musikken til animasjonsfilmar som Wall-E (2008) og Finding Dory (2016), slik at lyden av artisten så å seie var lausriven frå biletet av han.
Eg for min del kan ikkje høyre Armstrong utan også å sjå føre meg det så ofte resirkulerte biletet av han, sveitt og smilande, med trompeten i hand – som eg først fekk sjå frå skulebenken.
Framstillinga er ladd av ikonisitet – berre prøv å google «jazz» og sjå sjølv. Armstrong er ofte mellom dei første artistane ein får høyre når ein vert introdusert for jazzmusikken – slik var det i 1980-åra, og slik er det også i dag, med mannen Duke Ellington ein gong kalla «the epitome of jazz». Leit fram eit oppslagsverk – til dømes The New Encyclopedia of Southern Culture – og du vil finne formuleringar som plasserer Armstrong som sjølve «biletet av den erketypiske jazzmannen» (som det heiter i nett det verket).
Nyansert
Det inneber sjølvsagt ikkje at historia om Louis Armstrong er ferdig fortald – snarare tvert om, noko haustens dokumentarfilm om han, Louis Armstrong’s Black & Blues, demonstrerer godt.
Regissør Sacha Jenkins fører deg lenger inn og djupare ned og maktar å nyansere og endåtil komplisere biletet av «Satchmo», som nye generasjonar ofte vil møte gjennom knappe, tungt resirkulerte arkivopptak og i reduktive musikkhistoriske klisjear.
Wynton Marsalis, som også fekk komme til orde om Armstrong i Ken Burns-serien Jazz (2001), forklarar i filmen til Jenkins at han først hata stereotypiane som omgav Armstrong «with unbelievable passion». Det var då han sjølv prøvde å spele nokre av soloane, at han for alvor såg virtuositeten. Fleire av dei som kjem til orde i Louis Armstrong’s Black & Blues, fortel om nett dette – korleis dei har oppdaga musikaren og mennesket Armstrong, så å seie trass i alle forteljingane om «den erketypiske jazzmannen».
Viktig film
Jenkins har ein fiks omgang med arkivmaterialet han deler med oss, for sjølv om mange røyster får sleppe til, vert det få snakkande hovud. Han er ikkje redd for å ta i det som er vondt eller vanskeleg, for det er uråd å tenkje på livet til Louis Armstrong utan også å ta inn over seg korleis den lovfesta segregeringa av kvite og svarte prega ikkje berre karrieren hans, men framveksten av heile den populærmusikalske tradisjonen.
Jenkins vier til dømes godt med plass til stereotypiane som vart sementerte i såkalla «minstrel shows», og Armstrongs forståing av desse, og vår forståing av han, sett frå vår eiga ofte forferdande samtid. Slik vert Louis Armstrong’s Black & Blues ein viktig film, ei forteljing som leier oss frå midten av 1800-talet og fram til i dag.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.