Musikk
Blodfattig
Ensemblet Ceruleo si nøkterne Purcell-framføring fengjer ikkje.
Den engelske barokkensemblet Ceruleo.Den engelske barokkensemblet Ceruleo.
Foto: Jamie WrightFoto: Jamie Wright
CD
Fransk musikk kom på moten i England etter «restaurasjonen», som gjeninnføringa av monarkiet i 1660 blir kalla, då Stuart-kongen Karl II vende heim frå eksil i Frankrike. Monarken hadde fått smaken på det franske, og ein av musikarane han hadde med seg heim over Kanalen, var gitaristen Francisque Corbette (1615–1681) – eller Francesco Corbetta, som norditalienaren eigentleg heitte før han kom til Paris og skapte seg eit namn som si tids fremste gitarvirtuos.
På ensemblet Ceruleos album Love Restor’d. Songs from the English Restoration spelar gitaristen Toby Carr ein «Chaconne» frå Corbettas fjør, ein fransk dans med variasjonar over eitt stutt akkordskjema. Eg likar den lågmælte tolkinga hans, som er prega av raffinert rytmisk fleksibilitet. Andre framføringar på plata er derimot meir problematiske.
Stilistisk sprik
Dei fleste stykka er songar for éin eller to sopranar, akkompagnert av basso continuo, barokktidas besifra bassline, her utført av cembalo, det djupe strykeinstrumentet viola da gamba og lutt eller gitar. På opningssporet, «The Glorious Day is Come» av Westminster Abbey-organisten John Blow (1649–1708), er alle dei fem ensemblemedlemene i aksjon. Det me her opplever, gjeld i grunn for heile plata: eit solid akkompagnement, med songarar som ikkje alltid meistrar teknikken og framføringsstilen denne typen 1600-talsmusikk treng.
Blows «The Queen’s Epicedium» blir sungen av sopranen Emily Owen. Ho trivst best i det mellomste og låge registeret, for i høgda læt klangen pressa og ukontrollert, med så utydeleg diksjon at teksten er uråd å skjøna. Stilistisk sprikjer det. Somme stader får ho fram beine og vibratolause tonar på den måten denne musikken bør syngast. Men ofte nyttar ho ein så kraftig vibrato at det er uråd å skjøna om det er ei trille eller ein vanleg tone som er meint.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.