Blått og impresjonistisk
Mathias Eick har eit vake auga for detaljane.
Jazz
Mathias Eick:
When We Leave
Mathias Eick, trompet, tangentar og vokal; Håkon Aase, fiolin, perkusjon; Andreas Ulvo, piano; Audun Erlien, bass; Torstein Lofthus, trommer; Helge Andreas Norbakken trommer og perkusjon; Stian Carstensen, pedal steel gitar. ECM
Den femte ECM-utgjevinga til Mathias Eick følgjer i fotspora til den tre år gamle Ravensburg. Besetninga er stort sett den same, men eit merkbart tilskot er Stian Carstensen som gjest på pedal steel gitar. Eit lukkeleg val.
Musikken til Eick appellerer oftast til det ettertenksame og vemodige i oss. Det er eit blått slør over det musikalske landskapet – ei form for musikalsk impresjonisme som ikkje dyrkar kontrastane eller det ekspresjonistiske og eksalterte.
Dei sju låtane som Eick har komponert til denne plata, har alle eitt tostavingsord som tittel – til dømes «Loving», «Caring» og «Begging». Musikken går aldri raskare enn medium tempo, men dei to trommeslagarane, som regjerer i kvar sin kanal, serverer heile tida idear for den andre å svara på. Både Lofthus og Norbakken legg band på seg, men bruken av to trommeslagarar er med på å tilføra mykje av spenninga som uttrykket sårt treng.
Aase tilfører også spenning til musikken idet han stort sett opererer i ein del av frekvensområdet som ligg over der Eick og Ulvo ofte er å finna, men innimellom formar Eick og Aase unisone linjer. Bogeteknikken som Aase nyttar ein del, gjev musikken eit eterisk preg.
Det til tider kontrapunktiske basspelet til Erlien står også fram i lydbiletet og gjev musikken ein tilleggsdimensjon. Apropos tilleggsdimensjon – høgdepunktet på plata er «Arvo», både fordi dynamikk og dramaturgi spelar så fint i hop, og fordi Carstensen på effektivt vis løftar den musikalske forteljing til eit nytt nivå.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB