Musikk

Berre ein trompet

Jim O’Rourke.
Jim O’Rourke.
Publisert

På fremste benk i Haugesund billedgalleri med dei store tresnitta av Ragna Misvær Grønstad som «bakteppe» opplever eg tingingsverket Most, Potentially All, samtalen Eivind Lønning har med eit lydspor komponert av Jim O’Rourke. Lydsporet er i stor grad sett saman av opptak med Lønning som O’Rourke har hatt liggjande. Desse to har utvikla eit nært samarbeid dei seinare åra, og no gjev O’Rourke venen sin utfordringa å samtala med seg sjølv.

Leik i studio

Før urframføringa tek til, har festivalleiar Andreas Risanger Meland og Lønning ein samtale om samarbeidet mellom sistnemnde og O’Rourke. Å leika seg i studio er eit uttrykk Lønning nyttar fleire gonger. Elles innleidde Meland med å røpa noko vesentleg om programprofilen til Sildajazz – alle skulle finna sine musikalske utfordingar i programmet, og tingingsverket til Lønning og O’Rourke var eit programinnslag der han måtte vedgå at han hadde tenkt mest på seg sjølv.

Me skal vera glade for at Meland ikkje gløymer å tenkja på seg sjølv. Most, Potentially All er i eit klang- og støyrike som i stor grad ber bumerket til trompeten. Spørsmålet som naudsynleg melder seg, er: Finst det grenser for kva Lønning kan få ut av ein trompet? Det gjer det sikkert, men etter kvart som verket utviklar seg, er det arsenalet av klangar, teknikkar og uttrykk som bergtek. Fridomen til å gjera kva ein vil med instrumentet vert kombinert med kjenslevar lytting. Innsatsane er noggrant avstemte.

Pulserande

Første del av verket vert avslutta med ein pulserande sekvens i bassregisteret, så tonar det heile ut, og ein får ein augneblinks pause, før andre del vert innleidd med lyden frå vassdropar eller glas som singlar på eit mørkt teppe av støy. Her syner Lønning igjen særs effektfull bruk av Harmon-muten, og i sekvensen etter tek han i bruk pikkolotrompeten. I denne delen gjorde lydmann Christian Obermayer ein framifrå jobb.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement