JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Berre delvis

Espen Berg er på sitt beste i dei kortare stykka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Espen Berg med band.

Espen Berg med band.

Foto: Kristoffer Hylland Skogheim

Espen Berg med band.

Espen Berg med band.

Foto: Kristoffer Hylland Skogheim

1986
20231201
1986
20231201

Jazz

Espen Berg:

Water Fabric

Espen Berg, piano; Hayden Powell, trompet og flygelhorn; Harpreet Bansal, fiolin; Ellie Mäkelä, bratsj; Joakim Munkner, cello; Per Oddvar Johansen, trommer. Odin

I 2020 tinga Jazzfest i Trondheim, Maijazz og Oslo jazzfestival verket Water Fabric. To år seinare blei det framført på desse festivalane, og tidlegare i år blei det innspelt i Rainbow Studio.

Verket er ein suite i sju delar, der siste del er eit verk i verket: «Triple Point Suite». I fleire delar av verket gjev Espen Berg utfordringar til medlemer i bandet, mellom anna i eit av høgdepunkta på plata, opningssporet «Sun Glacier». Harpreet Bansals innleiing får deg på kroken med ein gong, og resten er eit meisterverk i sakte oppbygging ­– fascinerande musisering rundt eit enkelt pianoostinat.

Kontrasten er sterk til den meir intrikate «Circumzenithal», der Berg og Hayden Powell unisont framfører eit Alperin/Corea-inspirert tema oppå ein arpeggiogroove av strykarane og eit minimalistisk trommespel. Stykket munnar ut i ein dialog mellom ensemblet og ein improviserande Johansen, før dei vender attende til ein variasjon av temaet.

Berg er mest interessant som komponist i dei fem kortare stykka. I godt elleve minuttar lange «1914» er styrkarsekvensen på tampen sår og medrivande, spesielt når trompeten kjem inn, men innleiinga manglar retning og identitet.

I nemnde «Triple Point Suite» spelar Powell eit vakkert og meditativt tema som han varierer over, til strykarane bryt det av med ein sekvens, og Berg introduserer neste del med eit svevande pianoostinat før det groovande og Jarrett-inspirerte hovudtemaet blir introdusert om lag midtvegs i suiten. Dette blir snudd og vendt på, og Ellie Mäkelä spelar eit vakkert kor, men i staden for å stå løpet ut, tek Berg lufta ut av ballongen og vender på eit vis attende til utgangspunktet.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis