JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Beine tonar

Sander Tingstad søkjer folkemusikken bak kunstmusikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fiolinisten Sander Tingstad spelar både klassisk og folkemusikk.

Foto: Raymond Engmark

2904
20221125
2904
20221125

CD

Grieg, Brustad, Sparre Olsen, Thoresen:

Opphav

Sander Tingstad, fiolin; Ingfrid Breie Nyhus, klaver; Mads Erik Odde, akkordeon. Simax 2022

Sander Tingstad er ein av våre unge fiolinistar med både klassisk og folkemusikalsk bakgrunn som nyttar sin doble kompetanse til å tolka gamle verk på nye måtar. Etter at Ole Bull og Edvard Grieg lyfte fram folkemusikken i andre helvta av 1800-talet, var det lenge den nasjonale lina som prega vårt klassiske musikkliv. Dette blei formulert som estetisk program, men synest òg å ha fungert som ein slags bransjestandard for komponiststanden. Grieg formulerte det slik: «Folkemusikken må holdes oppe, ren og ægte, for den skal danne grunnlaget for all fremtidig tonediktning i Norge.»

Komponistane nytta tradisjonsmusikken ulikt. Somme tok utgangspunkt i autentiske folkemelodiar. Andre ville heller fanga essensen i tradisjonsmusikken, utan å sitera faktisk folkemusikk. Som Geirr Tveitt, ein av dei mest radikalt nasjonale komponistane våre i mellomkrigstida, formulerte det i føreordet til 12 tvorøystes fyristudiar for klaver i 1930: «Desse er ikkje tilskipingar av slåttar elli folkevisur, men komposisjonar som i æstetiken deira til fullnads er tufta på folkemusikken vor.»

Kvikke ornament

Tingstads debutalbum heiter Opphav, ein tittel som fungerer som programerklæring. Han tykkjer verk ofte blir tolka for likt, og nyttar difor folkemusikalsk spelestil i tilnærminga si til norsk klassisk musikk. Det største og mest kjende på plata er Sonate for fiolin og klaver nr. 2 i G-dur, op. 13, Griegs «norskaste» fiolinsonate. Med seg har han pianisten Ingfrid Breie Nyhus, som har lang røynsle med folkemusikk på klaver.

Resultatet kling friskt og nytt. Det fyrste ein merkar seg i opningssatsen, er den litt «skeive» intonasjonen i fiolinen, den kvikke måten ornamenta blir spelte på og den beine, vibratolause klangen. Slikt kjenner me att frå folkemusikken – og til ein viss grad frå barokkmusikken.

Klangkontrasten mellom fiolin og klaver er likevel stor. Uansett kor fritt og fleksibelt Nyhus fraserer og «slankar» Griegs saftig-romantiske harmonikk, er det jo ikkje mogleg å endra den polerte klangkvaliteten i flygelet stort.

Lomsk

Eit av dei andre stykka på plata eg likar godt, er Seks gamle bygdevisur frå Lom, som komponisten Carl Gustav Sparre Olsen (1903–1984) skreiv for klaver i 1929 etter å ha høyrt venen Olav Aukrust synga og spela dei. Versjonen for fiolin og akkordeon me her får høyra, er nylaga av akkordeonisten Mads Erik Odde.

Tingstad og Oddes samspel er godt, og eg er imponert over kor unisont dei to klarer å forma klangen. Somme stader er det faktisk uråd å skilja fele frå trekkspel. Denne klanglege homogeniteten læt stundom som hjå ein god strykekvartett.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helsedirektoratet i Noreg tilrår same behandling for ME og kronisk utmatting.

Foto: NTB

Ordskifte

«I dag får ikkje ME-pasientane rett behandling.»

Bjørn K. Getz Wold

Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.

Foto: Fartein Rudjord

BokMeldingar

Eg ropar om det heile tida

Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis