Musikk
Baudelaire i fargar
Susanna og Kork funkar som ei kule.
Susanna Karolina Wallumrød er ein norsk vokalist, komponist, tekstforfattar og orkesterleiar, også kjend under artistnamnet Susanna.
Med denne plata har Susanna fullført ein trilogi med musikk til tekstar av den franske tidlegmodernisten Charles Baudelaire. I staden for å tonesetja nye dikt har ho valt ut åtte låtar frå dei to førre platene i trilogien, fem frå Baudeleire & Piano (2020) og tre frå Elevation (2022). Alle tekstane finn ein i Baudelaires ikoniske diktsamling Les Fleurs du mal (1857), men Susanna nyttar gjendiktinga til engelsk av Anthony Mortimer. På dei tre kutta «Sarcophagi», «Heavy Sleep» og «Rewind», som er eit apropos til Elevation, skaper Susanna og Stjern kontrast til dei orkestrerte stykka.
Orkesterarrangementa er gjorde av Jarle G. Storløkken og Jan Martin Smørdal. Susanna har laga vokalarrangementa i samarbeid med Anita Kaasbøll. Storløkken og Smørdal har i hovudsak skrive akkompagnement til Susannas melodiar, men Smørdal har også skrive ein orkesterpassasje som avsluttar «Alchemy of Suffering» som byggjer bru over til «Elevation». Her har også Stjern ei viktig rolle i å sameina uttrykka frå førre plate og denne.
Uansett er arrangementa velfungerande. Dei gjev ei klangleg og harmonisk djupn til melodiane, og – viktigast av alt – arrangementa er skreddarsydde til Susanna som historieforteljar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.