Musikk
Banebrytande
Heinrich Isaac trong ikkje leggja kompositoriske band på seg i Konstanz i 1508.
Den sørtyske byen Konstanz, der Heinrich Isaac framførte messene sine i 1508. Utsnitt av kolorert tresnitt frå 1493.
Eg har ofte tenkt på kor mykje lettare det er å identifisera seg med den bildande kunsten i renessansen enn med musikken frå same periode. Måleria til Leonardo og Botticelli har sjølvsagt løynd symbolikk. Men på det ytre planet er dei så estetisk inntakande at dei er blitt til popkulturelle ikon. Det same gjeld Michelangelo, med «Adams skaping» i Vatikanet og David-statuen i Firenze.
Med musikken frå denne tida, som me får på albumet Choralis Constantinus 1508, stiller det seg annleis. Her spelar og syng Ensemble cantissimo og Concerto Dell’Ombra under leiing av dyktige Markus Utz, som spesialiserer seg på renessansens vokalpolyfoni, altså den kunstferdig-intrikate kormusikken frå 1400- og 1500-talet.
Musikken har ein annan tonalitet enn vår (dur- og moll-systemet feste seg ikkje før på 1600-talet), men han kan sjølvsagt nytast reint klangleg utan kjennskap til stilen. Å skjøna formene – former som hjå dei bildande kunstnarane frå perioden altså verkar så sjølvsagde – er derimot vanskelegare.
Fyrste «komponist»
Forvitneleg er det difor å tenkja på at komponisten på plata, Heinrich Isaac (kring 1450–1517), gjekk i Firenzes gater samstundes med dei tre kunstnarane som er nemnde over. Han blei invitert dit i 1485 av Lorenzo de’ Medici il magnifico, byrepublikkens eineherskar som samla på både kunst og kunstnarar.
Isaac, som kom frå Flandern, var ein banebrytande komponist – også sosialhistorisk. Ulikt dei fleste av kollegaane var han ikkje geistleg, og han skal ha vore den fyrste musikaren i historia som eksplisitt blei kalla «komponist» i offisielle dokument.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.