Både intenst og tilbakelent
Flukten har teke eit steg med den vanskelege andreplata.
Jazz
Flukten:
Flukten
Hanna Paulsberg, saksofon; Marius Klovning, gitar; Bardur R. Poulsen, bass; Hans Hulbækmo, trommer. Odin
Flukten vekte oppsikt då dei kom med debutplata Velkommen håp i september 2021 – friskt, fengande og velutvikla samspel ti låtar igjennom. Oppfølgjaren har mange av dei same kvalitetane, men det er ei klar utvikling å spora både i låtmaterialet, arrangementa og samspelet. Utviklinga er både føreseieleg og gledeleg overraskande.
Med Flukten viser dei fire ein sjølvtryggleik som dei brukar til å testa ut meir komplekse komposisjonar og utfordrande arrangement. Sjølvtryggleiken gjev dei ekstra vågemot i samspelet. Spesielt spanande er det å registrera utviklinga i samspelet mellom Paulsberg og Klovning.
Seks av dei åtte låtane er komponerte av Hulbækmo. Dei to andre er signert Klovning. Hulbækmo demonstrerer tidt og ofte kva eineståande trommeslagar han er, men her syner han i tillegg komposisjonsgjevnader det er verdt å merka seg. Bidraga frå Klovning passar fint inn i miksen.
Det beste med Flukten er det at fem låtar er spelte inn i studio, medan dei tre siste kutta er konsertopptak frå Svolvær og Trondheim. Ei samanliknande lytting på opningssporet «Flukten» og første livekutt «Monica fra Svolvær» syner kor medvite dei brukar dei ulike framføringssituasjonane. Studioopptaket er prega av djup og intens konsentrasjon, medan livekuttet formidlar ei tilbakelent og gladlynt formidling. Her har Ole Brum fått viljen sin – ja takk, båe delar! Flukten har teke eit steg vidare.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Flukten:
Flukten
Hanna Paulsberg, saksofon; Marius Klovning, gitar; Bardur R. Poulsen, bass; Hans Hulbækmo, trommer. Odin
Flukten vekte oppsikt då dei kom med debutplata Velkommen håp i september 2021 – friskt, fengande og velutvikla samspel ti låtar igjennom. Oppfølgjaren har mange av dei same kvalitetane, men det er ei klar utvikling å spora både i låtmaterialet, arrangementa og samspelet. Utviklinga er både føreseieleg og gledeleg overraskande.
Med Flukten viser dei fire ein sjølvtryggleik som dei brukar til å testa ut meir komplekse komposisjonar og utfordrande arrangement. Sjølvtryggleiken gjev dei ekstra vågemot i samspelet. Spesielt spanande er det å registrera utviklinga i samspelet mellom Paulsberg og Klovning.
Seks av dei åtte låtane er komponerte av Hulbækmo. Dei to andre er signert Klovning. Hulbækmo demonstrerer tidt og ofte kva eineståande trommeslagar han er, men her syner han i tillegg komposisjonsgjevnader det er verdt å merka seg. Bidraga frå Klovning passar fint inn i miksen.
Det beste med Flukten er det at fem låtar er spelte inn i studio, medan dei tre siste kutta er konsertopptak frå Svolvær og Trondheim. Ei samanliknande lytting på opningssporet «Flukten» og første livekutt «Monica fra Svolvær» syner kor medvite dei brukar dei ulike framføringssituasjonane. Studioopptaket er prega av djup og intens konsentrasjon, medan livekuttet formidlar ei tilbakelent og gladlynt formidling. Her har Ole Brum fått viljen sin – ja takk, båe delar! Flukten har teke eit steg vidare.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.