Backstreet er tilbake
Boybandet over alle, Backstreet Boys, er i vinden for tida.
Konsert
Nick Carter:
Live from Mexico City
Veeps.com
Backstreet Boys-medlemmet AJ McLean briljerte som drag queen i RuPaul’s Secret Celebrity Drag Race sesong 2. Vultures, det komande albumet til Kanye West og Ty Dolla Sign, startar med låta «Everybody», komponert med utstrekt bruk av samplingar frå Backstreet-songen «Everybody».
Diverre har Vultures blitt utsett ei mengd gonger på grunn av problem med å skaffe rettane til den utstrekte bruken av samplingar på albumet. Heldigvis kan tørsten sløkkjast: backstreetboyen Nick Carter er på turné, og konsertane blir sende på nettstaden Veeps.com. Natt til onsdag gjekk konserten i Mexico by av stabelen.
Gildet opnar med den kjende og kjære «Larger Than Life», ein song som resonerer med den kritiske perioden vi lever i. «Kan de ikkje forstå, folk, korleis livet dykkar påverkar røynda vår?» Rett nok er det storkapital og global politikk som står ansvarlege for utmaningane verdssamfunnet står overfor, men så kjem den oppløftande beskjeden til fellesskapet: «Og det gjer dykk større enn livet sjølv.» Dette vert følgt opp av den første av mange coverlåtar: Europes «Final Countdown». Det apokalyptiske temaet understrekar at Carter er medviten om at vi balanserer på eit vippepunkt.
Tears For Fears’ «Everybody Wants to Rule The World» gir eit frampeik mot det som ligg i vente for oss alle ved enden av konserten, og i ein hardrock-sekvens briljerer Carter.
ZZ Top glir saumlaust over i Backstreet-klassikaren «We’ve Got It Going On». På radbrekkinga av The Police-låten «Message in a Bottle» kan ein ane at mjølkesyra siper inn i Carters stemme, men heldigvis ordnar det seg, til glede for kvar og ein av oss: Nick Carter avslutta konserten med Backstreet Boys-songen «Everybody (Backstreet’s Back)», komplett med rivande bass, jubelsamplingar frå Tom Tom Club. Her var Carter og bandet hans i slaget.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.