Bachs mest monumentale
Solomon’s Knot imponerte på ny.
Solistane i Solomon’s Knot song Matteuspasjonen utanboks.
Foto: Gert Mothes / Bach-Archiv Leipzig
Konsert
J.S. Bach:
Matteuspasjonen
Solomon’s Knot; Chas Kelly, orgel
Nikolaikirche Leipzig, måndag 12. juni
Matteuspasjonen, BWV 244, er Bachs mest monumentale verk, både i lengd (150 minutt) og besetning (høvesvis to kor og orkester, i tillegg til songsolistar). Stykket, som blei urframført i Thomaskyrkja i 1727, er for meg høgdepunktet i heile den protestantiske kyrkjemusikken. Den kontemplative og kjenslemessige djupna er utan sidestykke i Bachs livsverk. Å oppleva ei god tolking av opningssatsen «Kommt, ihr Töchter, helft mir klagen» (Kom, døtrer, hjelp meg å klaga), der dei samanvovne melodiane stig sakte opp or bassens pulserande djupn og gradvis fyller heile kyrkjerommet med vemodsklang – slikt gjev kjensla av å vera vitne til det opphøgde og fullkomne.
Framføringa til Solomon’s Knot kjem eg seint til å gløyma. Fyrste gongen eg høyrde dei, var under Bachfest i 2016, der det spesielle nærværet deira på scena blei ei skilsetjande oppleving. Dei kallar seg eit «barokkollektiv», for dei har ingen dirigent. Å halda samspelet i orden utan ein leiar i eit verk som Matteuspasjonen, er imponerande. Solistane syng òg alt utanboks, merksemda deira er difor alltid retta mot publikum.
Framføringa var ikkje teknisk heilt lytefri. Evangelisten (tenoren som ber fram evangelieteksten og driv handlinga) gløymde éin stad teksten og trong eit hint frå medmusikarane for å koma vidare. Også solooboisten fall éin gong ut og måtte improvisera (jamvel instrumentalsolistane spelte utan notar). Men ensemblets dramatiske og direkte tilnærming kompenserte for slikt småtteri.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Konsert
J.S. Bach:
Matteuspasjonen
Solomon’s Knot; Chas Kelly, orgel
Nikolaikirche Leipzig, måndag 12. juni
Matteuspasjonen, BWV 244, er Bachs mest monumentale verk, både i lengd (150 minutt) og besetning (høvesvis to kor og orkester, i tillegg til songsolistar). Stykket, som blei urframført i Thomaskyrkja i 1727, er for meg høgdepunktet i heile den protestantiske kyrkjemusikken. Den kontemplative og kjenslemessige djupna er utan sidestykke i Bachs livsverk. Å oppleva ei god tolking av opningssatsen «Kommt, ihr Töchter, helft mir klagen» (Kom, døtrer, hjelp meg å klaga), der dei samanvovne melodiane stig sakte opp or bassens pulserande djupn og gradvis fyller heile kyrkjerommet med vemodsklang – slikt gjev kjensla av å vera vitne til det opphøgde og fullkomne.
Framføringa til Solomon’s Knot kjem eg seint til å gløyma. Fyrste gongen eg høyrde dei, var under Bachfest i 2016, der det spesielle nærværet deira på scena blei ei skilsetjande oppleving. Dei kallar seg eit «barokkollektiv», for dei har ingen dirigent. Å halda samspelet i orden utan ein leiar i eit verk som Matteuspasjonen, er imponerande. Solistane syng òg alt utanboks, merksemda deira er difor alltid retta mot publikum.
Framføringa var ikkje teknisk heilt lytefri. Evangelisten (tenoren som ber fram evangelieteksten og driv handlinga) gløymde éin stad teksten og trong eit hint frå medmusikarane for å koma vidare. Også solooboisten fall éin gong ut og måtte improvisera (jamvel instrumentalsolistane spelte utan notar). Men ensemblets dramatiske og direkte tilnærming kompenserte for slikt småtteri.
Sjur Haga Bringeland
Solistane song alt utanboks, merksemda deira var difor alltid retta mot publikum.
Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB