Attkjennande og meir variert
Koret til Berg på «Song for The Resilient» er aleine verdt pengane.
Ellen Brekken leier bandet med Espen Berg, Magnus Sefaniassen Eide og Magnus Bakken.
Foto: Julie Hrncirova
Jazz
A Tonic for The Troops:
Realm of Opportunities
Magnus Bakken, tenor- og sopransaks; Espen Berg, piano; Ellen Brekken, bass; Magnus Sefaniassen Eide, trommer. Odin
Også underteikna var begeistra då A Tonic for The Troops debuterte med Ambush tidleg i 2021. Bandet fekk ei mengd spelejobbar, og orkesterleiar Brekke har fått tid til å skriva fem nye låtar som er meir mangfaldige enn samlinga på debuten.
På både opningslåten «Realm of Opportunities» og avslutninga «A Cup of Ambition» fossar dei fram i kjent stil. Spesielt i tittellåten lagar Brekken og Sefaniassen Eide eit «vulkansk» underlag for Bakken og Berg. Særleg Bakken gneistrar på Brecker-maner. Den leikne avslutninga er utstillingsvindauge til solisten Brekken, men også Berg har her ein av sine beste solistiske strekk. Bandet osar av overskot i ein låt som er kjenneteikna av dei mange stopp/start-sekvensane.
«Jon» er ei hylling til trommelegenda Jon Christensen. Låten, gladlynt og vemodig på same tid, kunne ha vore ein del repertoaret til Keith Jarretts europeiske kvartett, sjølv om Bakken er nærare Dewey Redman enn Jan Garbarek i spelet sitt.
«Artic Waltz» er sjølve glansnummeret til Bakken. Han får høve til å snu og venda på låten med svært god respons frå Berg.
Solistisk er det likevel koret til Berg på den over tolv minuttar lange «Song for The Resilient» som tek kaka. Brekken har tileigna låten til hardt prøvde kvinner i Afghanistan og Irak. Berg og Brekken innleier, og Bakken presenterer temaet med ulike nyansar. Fire og eit halvt minutt ut i låten tek Berg over og spelar eit over fire minuttar langt kor som er det vakraste og mest velformulerte eg har høyrt på lenge. Ikkje berre følgjer ideane kvarandre naturleg og logisk, men han har ei heilskapleg form som imponerer. Han serverer Bakken, som inspirert tek det vidare, før han vender attende til det ettertenksame temaet. Ei vellukka andreplate!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.