Atterklangar
Cellisten Ernst Simon Glaser spelar ny musikk tufta på gamle tankar.
Cellisten Ernst Simon Glaser.
Foto: Lina Ikse
CD
Åm, Ulvo, Kruse, Grenager, Buene, Thommessen, J.S. Bach:
Echos of What Will Come – Conversations With J.S.
Ernst Simon Glaser, cello. Simax 2022
Johann Sebastian Bach (1685–1750) har sidan «gjenoppdaginga» av han i romantikken inspirert dei fleste store komponistar. «Komponistane sin komponist» blir han gjerne kalla, sidan stykka hans har tent som epokeoverskridande musikalsk eksegese. Eit norsk døme eg nyss kom over, var noko bergensaren Harald Sæverud skreiv i Aftenposten i 1928: «Bach er den moderne musikers åndelige forbillede, – i kraft av sitt strenge kunstneriske alvor og sin intense fordypelse i det rent musikalske.»
Åm og Grenager
Solocellist i Kringkastingsorkesteret Ernst Simon Glasers dobbeltalbum Echos of What Will Come – Conversations With J.S. står slik sett i ein lang tradisjon. Utgangspunktet for plata er Bachs Suitar for cello solo, BWV 1007–1012. I «samtale» med dei seks suitane har seks nolevande komponistar skrive kvart sitt nye cellostykke, på temmeleg ulikt vis.
I opningssporet Echos of What Will Come har Magnar Åm (fødd 1952) late seg inspirera av Bachs fyrste suite. Det er ikkje lett å finna atterklangar av suiten hjå Åm. Men stykket hans er uansett vakkert – det varaste og mest tankefulle på plata, med musikalske refleksjonar som står på eigne bein.
Lene Grenagers (fødd 1969) Der Bach an der Quelle spelar på at Bach tyder «bekk» på tysk. Verknamnet på norsk ville difor vera «Bekken ved kjelda». Den lange og repetitive komposisjonen er krevjande lyttnad, gjennomsyra av dei vide, tidvis ville spranga som pregar Bachs fjerde suite. Eg slit med å «lytta meg inn» i verket, som med fordel kunne vore korta ned. Men måten Grenager framhevar det latent fleirstemmige i Bachs måte å skriva for soloinstrumentet på, er interessant.
Ulvo og Thommessen
Heilt konkrete referansar til suitane høyrer me i to av dei andre stykka. I Dancing Shades nyttar Therese Birkelund Ulvo (fødd 1982) direkte musikalske sitat frå Bachs tredje suite. Reminisensane er tydelegast i siste sats, der den barokke springdansen «Gigue» skin gjennom.
Olav Anton Thommessen (fødd 1946) går sin eigen, karakteristiske veg i PARASIxTh, der han isolerer dei ulike kompositoriske parametrane i Bachs sjette suite. Han held nemleg fast på «originalens» rytmikk (tonelengda), men endrar melodikken (tonehøgda). Størst verknad har dette i «Courante», som er satsen med mest markante rytmar.
Cellospelet er utmerkt, både i samtidsstykka og i dei originale suitesatsane av Bach, som der er seks av. Glaser er ein uvanleg fleksibel utøvar som både teknisk og tolkingsmessig rår over dette materialet. Intonasjonen og klangen i celloens omfangsrike register er glasklåre.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.