Attende til kjeldene
Kim Rysstad byr på ei fin innføring i setesdalssongen.
Kim Rysstad vart kjend for mange gjennom Stjernekamp på NRK og deltaking i Melodi Grand Prix i 2020.
Foto: Lise Åserud / NTB
Folkemusikk
Kim
Rysstad:
Or Setesdal
Ta:lik
Kvedaren Kim Rysstad har markert seg tydeleg som ein av våre fremste formidlarar av vokalmusikk frå Setesdal. Samstundes har han òg sysla mykje med populærmusikk, mellom anna som deltakar i NRKs underhaldingsprogram Stjernekamp. På denne plata vender han attende til kjeldene sine – for det meste solistisk – men på somme av songane har han fått med seg gitarist Trym Bjønnes, felespelar Daniel Sandén-Warg og kvedarane Eldbjørg Trydal Rysstad og Kirsten Bråten Berg. Sistnemnde har dessutan vore lærar for Kim.
Dei tolv spora på plata er fordelte mellom dei vanlegaste formene for folkesong i dalen, som stev, bånsullar, balladar, nyare viser og religiøse folketonar. Dette er såleis ei fin innføring i denne songtradisjonen. Framføringane held høgt nivå, men det er trygt og traust og ingen overraskingar. Og det er neppe meininga heller. Dette prosjektet har eit pedagogisk preg som nok er meir spanande for ferske folkemusikkentusiastar enn kjennarar av setesdalsmusikken.
Utvalet er representativt, men det er litt merkeleg at den einaste salmetonen er «Frykt, mitt barn, den sanne Gud», som er temmeleg lik den tyske versjonen av melodien som me finn i koralbøkene i kyrkja, når det er så mange langt meir originale melodiar å velja mellom.
Også boka som hyser CD-en, er ei grunnleggjande innføring i vokal folkemusikk generelt og dei vanlegaste sjangrane i tillegg til presentasjon av utøvarane og dei viktigaste kjeldene. Tekstane er kortfatta og ukompliserte, men likevel presise. Alle tekstane er dessutan omsette til engelsk. Boka er vakkert utstyrt, med stive permar og nyare og eldre fotografi. Og så er ho med på å gjera boka og plata til allmenn folkeopplysing meir enn akademisk formidlingsprosjekt. Dermed er dette ei framifrå innføring i setesdalssongen.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?