Musikk
Åtte nye perler
Håkon Kornstad trio nyttar eit velkjent formular, men med utsøkte arrangementsdetaljar.
Håkon Kornstad frontar trioen med Mats Eilertsen på bass og Frode Haltli på trekkspel.
Foto: Erik Burås / Studio B13
Kombinasjonen opera og jazz er etter kvart ein velkjend formel, og på ny har Kornstad med seg Frode Haltli og Mats Eilertsen i tolkinga av åtte låtar som har det til felles at Kornstad kjøpte med seg notane frå flyttesalet til Deichman bibliotek. Elles spenner materialet frå Anton Weberns «Kahl reckt der Baum» til «Aprile» av Paolo Tosti.
«For You Alone» er den absolutt mest populære songen den engelske komponisten, arrangøren og pianisten Henry Geehl har skrive. Teksten er forfatta av P.J. O’Reilly. Enrico Caruso og Jussi Björling er to av mange kjende songarar som har spelt inn låten. Kornstad treng slett ikkje skjemmast over sin versjon, men det som gjer låten til eit høgdepunkt på plata, er den leikne introen og den instrumentale delen av stykket.
Nemnast må også den instrumentale versjonen av Pauline Halls «Fangens aftensang». Dette er reindyrka vemod. På den andre enden av skalaen finn ein «O Lola» av Pietro Mascagni. Versjonen er både røff og blå og fangar trioen på sitt mest sprelske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.