Musikk
Arrangert fantasi
Romantikarar tørsta etter Mozart i moll.
Reinhard Goebel var, før han blei orkesterdirigent, ein av 1900-talets leiande barokkfiolinistar.
Foto: Wolf Silveri
Det er litt stråmannargumentasjon over dirigenten Reinhard Goebels’ djuptgåande, fotnoteutstyrte tekst i omslagsheftet til New Mozart Vol. 2. (16 fotnotar i éin slik tekst må vera rekord.) Albumet inneheld klaver- og kammermusikk av Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) som er arrangert for stort orkester og her blir godt framført av Mozarteumorchester Salzburg.
I musikken tyder å «arrangera» å leggja eit musikkstykke til rette for andre instrument enn dei komponisten opphaveleg skreiv for. Orkesterarrangement var vanlege på slutten av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet, men i «vår autentisitetsfokuserte tid» har slik praksis kome i vanry, skriv Goebel – utan å spesifisera kven som ser på det som «kitschy overgrep» mot originalverket. For min del tykkjer eg at arrangement kan vera interessante, særleg når dei er gjorde relativt kort tid etter at originalen blei til.
Det sistnemnde er tilfellet med dei to stykka på albumet. Her har Mozart-eleven Ignaz von Seyfried (1776–1841) omarbeidd lærarens musikk til ein Grande Fantasie i c-moll (1812) og ein Grande Fantasie i f-moll (1814). Korleis fungerer orkesterversjonane?
Dramatisk moll
Goebel opptrer som von Seyfrieds advokat. Han peikar på at J.S. Bach omarrangerte mange av dei eldre verka sine (til dømes cembalokonsertane), og at Mozart arrangerte Händels barokke oratorium til sitt wienerklassiske orkester. Von Seyfrieds gjerning må sjåast i denne tradisjonen. Han ville formidla Mozarts verk til ei ny tid. I romantikken tørsta ein nemleg etter mozartsk orkestermusikk i moll. Romantikarane elska moll, medan wienerklassikarar som Mozart hadde komponert mest i berre dur – av hans kring 50 symfoniar går berre to i moll.
Dramatisk og tidvis dyster moll dominerer difor von Seyfrieds Mozart-omarbeidingar. Det som opphaveleg var klaververk, kling overraskande bra i orkesterform, særleg andresatsen i von Seyfrieds c-mollfantasi, som byggjer på fyrstesatsen i Mozarts 14. klaversonate, KV 457. Tutti-passasjane (med heile orkesteret) er potente, og der det i klaverversjonen er svake ekko i det høge registeret, nyttar von Seyfried treblåsarar som berre styrkjer ekkoeffekten. Det kling ikkje tvunge, men heilt naturleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.